Hopp til innhold

Vedgår at det kunne vore sikra betre - men var vurdert som trygt

Cato Aurstad i K.A. Aurstad vedgår at det kunne vore sikra meir utanfor Eikenestunnelen. Men ingen trudde noko slikt kunne skje.

Askvoll

SØKJER: Ein miniubåt er i gang med søket etter 25 år gamle Christian Melle, som er sakna etter dumperulykka ved Eikenes i Askvoll kommune.

Foto: Silje Guddal / NRK

– I etterpåklokskapens lys ser vi at plassen der inne kunne vore sikra meir. Men vi har drive på her lenge, og vi har ikkje vurdert det som farleg, seier driftsdirektør Cato Aurstad i K.A. Aurstad.

På få månader har det Ørsta-baserte selskapet opplevd to dødsulukker.

I november omkom ein 20 år gammal mann då dumparen han køyrde, drog av vegen på E16 på Filefjell og hamna i ei elv om lag 30 meter lenger nede.

Men denne mannen var tilsett i eit firma som innleigd av K.A. Aurstad.

Framleis ingen funn

Måndag kveld køyrde ein 25 år gammal mann utfor vegen like ved Eikenestunnelen, i samband med pukk-køyring til same tunnel.

Trass i iherdig leiting sidan ulykka skjedde, er det framleis ikkje gjort funn av mannen.

– Det har vore ein frykteleg tung dag. Dette unner eg ingen, seier Aurstad.

Dukka ikkje opp att

Førebels har ein ikkje full oversikt over hendingsgangen, men nokre fakta har komme på bordet.

– 25-åringen var ein av to som køyrde pukk til tunnelen. Dei køyrde i skytteltrafikk att og fram, seier Aurstad.

På veg ut for å hente meir pukk, passerte 25-åringen dumparen som var på veg inn.

– Etter ei stund byrja dei i tunnelen å lure på kvifor han ikkje kom inn med nytt lass. Først trudde dei at han kanskje hadde teke ein runde for å fylle diesel. Men då dei ikkje fekk stadfesta det, slo dei alarm, seier Aurstad.

Han anslår at det tok om lag 30 minuttar før dei skjønte at noko ikkje var som det skulle.

– Vi trur ulykka har skjedd i samband med rygging, men dette veit vi ikkje, då det ikkje var vitne til ulykka, seier Aurstad.