Hopp til innhold

Vedgår at mange umelde tilsyn er melde på førehand

Mattilsynet vedgår at dei av omsyn til effektivitet ofte melder frå om tilsyn som skal vere umelde. I lys gårsdagens Brennpunkt-dokumentar vil dei no vurdere rutinane på nytt.

Illustrasjonsfoto: Pelsdyroppdretter Per Haugstads oppdrettsanlegg for mink huser 10.000 dyr.

VIL VURDERE NYE MELDINGSRUTINAR: NRK Brennpunkt avslørte i går kritikkverdige tilhøve i pelsdyrnæringa i Norge. Mattilsynet seier dei no vil vurdere å endre rutinar, i lys av det som kom fram i dokumentaren.

Foto: Hansen, Alf Ove / Scanpix

På Mattilsynet sine heimesider står det at 80 prosent av inspeksjonane på pelsdyrgardar i fjor var umelde.

No vedgår Ole Fjetland, assisterande tilsynsdirektør i Mattilsynet, at mange av dei såkalla umelde inspeksjonane er melde ein halv time på førehand.

– Me skuldar skattebetalarane å jobbe effektivt. Å alltid måtte stå å vente før pelsdyroppdrettarane kjem, er diverre ikkje effektivt, seier han.

Praktiske årsaker til førehandsvarsling

Etter NRK sin Brennpunkt-dokumentar i går, har debatten om det framleis bør vere lovleg med pelsdyroppdrett igjen blussa opp.

Ole Fjetland

PRAKTISKE ÅRSAKER: Ole Fjetland, assisterande tilsynsdirektør i Mattilsynet, seier det er praktiske årsaker til at dei i mange tilfeller melder frå om tilsyn som skal vere umeldte.

Foto: Mattilsynet

Ein motstandar av pelsdyroppdrett infiltrerte pelsdyrmiljøet og jobba med skjult kamera på fleire pelsdyrgardar. Dyr med store sår og ei behandling av dyr som fører til sterke lidingar, er noko av det som vert avdekt i dokumentaren.

Fjetland seier dei det er praktiske årsaker til at dei i nokre tilfelle melder tilsyna på førehand. Mange av dei som driv med pelsdyr bur nemleg ikkje på garden der dyra er.

– Viss vi skal gjere dette effektivt, så kan vi ikkje venta i timevis på at folk skal dukka opp, seier han.

Meiner dei ikkje fører folk bak lyset

Fjetland fryktar ikkje at dei då gjev pelsdyroppdrettarane ein sjanse til å rydde vekk kritikkverdige tilhøve, før inspektørane kjem.

– Om det i nokon tilfelle skulle vere slik at nokon klarer å rydde vekk noko på 15–20 minutt, så kan det vere. Men i det store og det heile er det snakk om store gardar der ein ikkje får gjort veldig mykje på kort tid, viss ting ikkje er på stell.

Fjetland meiner det ikkje er å føre folk bak lyset, når mange av inspeksjonane dei sjølve hevdar er umelde, faktisk er melde på førehand.

– At vi gjer beskjed når vi køyrer ut, slik at folk få høve til å komme på staden, det synst me det er ærleg nok å kalle umeldt, seier han.

Vil vurdere rutinane

Han seier likevel at Mattilsynet no sjå på rutinane på nytt i lys av det som kom fram i dokumentaren.

Men han meiner det er avgrensa kva Mattilsynet får gjort, dersom haldningane til enkelte i næringa ikkje er gode.

– Viss det er slike at enkelte vil føre tilsynsmyndigheitene og dei interne systema bak lyset, så vil ikkje me kunne avdekka alt uansett. Vi kan ikkje stå i fjøsen tjuefire timar i døgnet, kvar dag i veka, for å passe på at folk følgjer lova. Det går ikkje, seier han.