NRK Meny
Normal

Lovar betre informasjon om storkommunen

RAUDEBERG (NRK): – Vi har ikkje vore gode nok med informasjonen om Kinn kommune, vedgår Edvard Iversen (V) i fellesnemnda som leia folkemøtet om Kinn kommune tysdag kveld.

Edvard Iversen

– KUNNE VORE BETRE: Edvard Iversen (V) i fellesnemnda seier informasjonen kunne vore betre.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det har gått fort i forhold til etablering av Kinn kommune, og det må vi ta lærdom av. Vi skal bli betre på informasjon og spesielt i Vågsøy der det er etterspurt, seier Iversen.

Folkemøte om Kinn kommune

300 PERSONAR: Parken kulturhus på Raudeberg var fylt til randa under informasjonsmøtet om nye Kinn kommune i går kveld.

Foto: Silje Guddal / NRK

Parken kulturhus på Raudeberg var fylt til randa under informasjonsmøtet om Kinn kommune. Vel 300 personar var på møtet om den nye kommunen som består av Flora og Vågsøy.

Iversen trur mykje frustrasjon over Kinn kommune kunne vore unngått ved å ha folkemøte tidlegare.

– Ja, kanskje det. Men det tok fyr i denne debatten etter at vi fekk grensejusteringa på Bryggja. Før dette var det lite engasjement. No har vi fått opp engasjementet. Eg håper og trur at det kjem politisk rørsle ut av dette. Folk engasjerer seg inn i partia og stiller seg på liste for å vere med å jobbe fram Kinn kommune.

Trur ikkje det blir folkerøysting

Det var ei dramatisk avrøysting i Vågsøy kommunestyre i mars som gjorde at Kinn blei ein realitet. Seinare vedtok Stortinget å slå saman Flora og Vågsøy frå 2020.

Engasjementet omkring samanslåinga av Vågsøy og Flora har blitt stadig større. Over 1500 vågsøyværingar har skrive under på at dei ønskjer ei folkerøysting. Men tysdag sa sentrale stortingspolitikarar at trass i ei eventuell folkerøysting som seier nei til å slå saman Vågsøy og Flora, vil nye Kinn likevel bli ein realitet.

Edvard Iversen i fellesnemnda seier at kommunestyret no skal handsame kravet om folkerøysting.

– Eg vil ikkje konkludere her og no, men for min del i Venstre så har vi ikkje behov for folkerøysting. Det vi har behov for, er meir informasjon til folket.

Konkluderte med at det blir samanslåing

Prosjektrådmann Terje Heggheim for Kinn kommune var også med på møtet. Han seier informasjonen kunne vore betre, både frå politisk og administrativ side.

– Eg trur oppmøtet i kveld viser at det var rett å informere.

– Korleis opplevde du stemninga og tonen i møtet?

– Eg var kjent med dei bevegelsane som har vore her, og eg tenkte korleis eg som prosjektrådmann skal forhalde meg til dei politiske prosessane i Vågsøy. Eg tenkte det var viktig å informere om mi rolle, samstundes som eg viser respekt for at enkelte i kommunen tykkjer dette er vanskeleg.

– Du slo fast at det blir kommunesamanslåing. Du var ikkje redd for å konkludere litt for hardt?

– Nei, det byggjer eg formelle prosessar på, for Stortinget har vedteke samanslåing, seier Heggheim.