Sosialistisk venstreparti, Arbeidarpartiet og Senterpartiet lovar å få på plass ei ny kulturlov dersom dei erobrar statsrådstaburettane etter stortingsvalet neste år.
Held ikkje lovnader
Georg Arnestad utfordrar. Arkivfoto Arild Nybø NRK
Men Arnestad har inga tru på at dei sjølverklærte kulturkameratane får på plass ei slik lov som skal klargjera det offentlege ansvaret for kulturen i norske kommunar.
- AP har vore for kulturlov når dei er i opposisjon, og mot når dei er i posisjon, slår kulturforskaren fast.
Han veddar no ei kasse god raudvin med kulturpolitisk talsmannen i SV, Magnar Lund Bergo, på at dei aldri får på plass ei kulturlov.
Kulturministeren mot ny lov
I det såkalla kulturløftet lovar det raudgrøne regjeringsalternativet å styrkja kulturen med 1,3 milliardar kroner over ti år.
Regjeringa vil på si side bruka 1 milliard. Men kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland går imot ei kulturlov som ho meiner kjem til å detaljstyra kommunane.
Magnar Lund Bergo tek imot utfordringa.
– Glad i vin
Magnar Lund Bergo i SV avviser at ei slik lov blir vanskeleg å handtera, og han tek glatt imot utfordringa frå Arnestad.
– Eg er også glad i god raudvin, så dette veddemålet tek eg på strak arm, seier kulturpolitikaren i SV.