Hopp til innhold

Dei veddar ein pakke mokkabønner på kven som vinn i kveld

Kven får ein pakke mokkabønner? Finn Tokvam og Davy Wathne har vedda på kven som vinn kveldens kamp i Bergen.

Davy Wathne og Finn Tokvam

VEDDEMÅL: Dei følgjer kvart sitt lag, og no set Davy Wathne (t.v.) og Finn Tokvam mokkabønner på spel i eit veddemål før kveldens storkamp mellom Brann og Sogndal.

Foto: Fotmontasje: Håkon Mosvold Larsen (NTB Scanpix)/NRK

Det er få timar til oppgjeret mellom Brann og Sogndal. Berre eitt poeng skil dei to laga. Det er ein viktig kamp som mange gler seg til.

NRK-journalist og humorist Finn Tokvam frå Aurland har hjarta sitt i Sogndal, sjølv om han bur i Bergen. TV2-kjendis og bergensar Davy Wathne heiar sjølvsagt på Brann.

– Men eg vil seie at eine fliken i eine hjartekammeret er i Sogndal, ler han.

Betyr mest for sogningane

Wathne trur denne kampen betyr mest for Sogndal og supporterane deira.

– Det er ikkje like sterke kjensler andre vegen, sjølv om vi eldre likar desse naturstridige kjemparane frå Sogn. Vi får ikkje dei store skjelvebygene der vi fryktar eit tap, slik vi gjorde då vi møtte Fyllingen eller Os.

– Sogndal har vi stor sans og respekt for både når det gjeld stil og sans. Dei får mykje ut av lite, seier han.

Vane med å bli audmjuka

Men han innrømmer at det er surt å tape mot veslebror på fotballbana.

– Då blir Brann audmjuka, men det er vi vane med. Brann har ei lidingshistorie og eit nytt tap vil berre føye seg inn i rekkja.

Sogningen Finn Tokvam trur Wathne har rett når han seier kveldens kamp er størst for sogningane.

– Absolutt. Det er alltid stas for å komme til Bergen, anten det er å gå på polet eller pub. Byen er Bergen og det viktigaste for Sogndal er å ta Brann.
Vi har ein avslappa fanskare. Der vi har kjærleik, er Brann meir prega av angst.

Likar ikkje pipinga og buinga

Davy Wathne seier Sogndal er glade om dei får eit heilt år i elitedivisjonen. I Bergen er det nærast vedteke at Brann skal vere topp tre.

– Sogningane tek nedrykk med fatning og veit at om ei stund rykkjer dei opp att.

Han er ikkje imponert over utviklinga han har sett i supporterkulturen i det siste.

– Eg likar dårleg det som skjer. Den nye generasjonen har perspektivet på det som skjer. Dei trur Brann skal vere topp tre uansett. Ambisjonane knekkjer mykje hos Brann, og eg tykkjer den nye tid med buing, piping, sjikane og negativitet er ei utvikling eg ikkje har sansen for.

H, U eller B?

I følgje Wathne er tonen meir avslappa i Sogndal og at dei tek kvar kamp som ei oppleving.

– Sogningane tenkjer det er stort dei får vere med på dette, dei som bur i ei bygd med eit vegkryss, eit slakteri, ein saftfabrikk og ein kiosk.

Finn Tokvam seier at om Sogndal vinn så går supporterane på pub. Tapar dei så gjer dei det same. Han trur kveldens kamp endar mot bortesiger medan Davy Wathne trur på uavgjort.

Deler premien

–Dette er ein veldig spesiell sesong for begge laga og då ville det vere typisk om det blei uavgjort. Det ligg ein U i lufta i dag, trur han.

Tokvam er altså ikkje einig i det og veddar mot. Premien blir ei eske med Mokkabønner.

– Blir det heimesiger deler vi premien.

Kampen startar på Brann stadion klokka 19. Du kan følgje spark for spark her.