Hopp til innhold

Laksefisket startar ved midnatt: Bjarne Huseklepp forventar fangst klokka 04:15

Klokka 04:15 i natt er Bjarne Huseklepp truleg oppteken med å dra på land nok ein laks. For ti år på rad har han fått laks på same plass, til same tidspunkt og med same sluk.

Bjarne Huseklepp med laks

KLAR: Bjarne Huseklepp i Fjaler håpar at også årets sesong vil gje storfangstar som denne laksen.

Foto: Håkon Huseklepp

– Det er noko med lyset på det tidspunktet. Akkurat på den plassen må ein ha litt lys i hølen om ein fiskar med sluk. Og erfaringane tilseier at det er eit gunstig tidspunkt. Det var eit år eg fekk laksen på kroken fem på halv fem om natta, men det var fordi eg var ti minutt for seint ute. Det er all grunn til å prøve igjen i år, seier Huseklepp lattermildt.

Han er ein av dei verkeleg store fiskeentusiastane i fylket, som ventar og ventar på at 1. juni skal starte. Då opnar nemleg laksse- og aurefiske i fleire elvar i fylket.

– Det blir veldig spanande å sjå korleis sesongen blir. Landet totalt sett hadde ein nedgang i fjor. Ein veit ikkje før ein har fått fiska nokre døgn korleis fisket er, men eg håpar det blir bra, seier Huseklepp, som mellom anna er fast inventar i Flekkeelva.

Han har allereie sett at fisken er på plass i elva, men kor mange det er av den og om den bit lett på kroken må han vente nokre timar med å få vite.

Trur det blir færre store laksar denne sesongen

Ved midnatt opnar Flekkeelva i Fjaler, Eidselva på Eid, Osenelva i Flora, Gaula i Gaular, Gloppenelva, Åelva og Ommedalselva i Gloppen, Nausta i Naustdal og Årøyelvi i Sogndal for fiske. Då står dei ivrigaste fiskarane klare for å få på land dei første laksane, og nokre stader også sesongens første aurar.

– Eg er optimistisk. Det er eg alltid. Elva er i sitt ess når det gjeld storleik, og det har vore mykje bresmelting, samstundes som det har vore varmt i vêret. Så dette har eg trua på, seier Preben Moen ved Gloppen Hotell.

Han skal stå klar med hoven langs Gloppeelva for å hjelpe sine kundar med å få storfangsten på land.

– I fjor beit det etter fem minutt, det reknar eg med at det gjer også i år. I fjor vart det mykje storlaks, vi kan håpe på det i år også, men eg trur det blir fleire og mindre laks denne sesongen, seier Moen.

Preben Moen

OPTIMIST: Hotellsjef ved Gloppen Hotell, Preben Moen har alltid trua på at det blir godt laksefiske i Gloppeelva. Ved midnatt står han klar med hoven for å hjelpe kundane sine med å få dei første laksane på land.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Reknar med kjapp fangst

Også i Sogndal kryssar ein fingrane for ein god start på laksesesongen.

– Det er få stader det er så store fiskar som her, men det er vanlegvis ikkje så mykje heilt i starten, seier Knut Munthe Olsen, som er grunneigar i Årøyelvi i Sogndal.

Huseklepp meiner det første døgnet plar gje ein god peikepinn på korleis fisket blir gjennom sesongen.

– Akkurat no er det litt lite gjennomstrøyming av vatn i elvane, og det påverkar sjansane for å få fisk, spesielt om ein fiskar med fluge. Men det første døgnet så har ikkje laksen sett agn før, så då er han rimeleg bitevillig, seier fiskeentusiasten i Fjaler.

Håpar fisket blir betre i år enn i fjor

Han meiner den første fisken pleier å bli dregen på land i løpet av den første timen fisket er ope. Ved midnatt står det mellom 25 og 30 personar klare ved Flekkeelva som alt vil gjere forsøk på å lande sesongen første laks.

Og sjølv om han har hatt stort hell rutinen klokka 04:15, så er den likevel ikkje heilt til å stole på. I fjor måtte han nemleg vente i ein månad før første fisken beit på kroken.

– Eg må heilt tilbake til 1980 for å oppleve det som skjedde i fjor. Eg pleier alltid å få laks første døgnet, men slik er det. Eg blir ikkje deprimert av det, men eg håpar det ikkje blir slik i år, seier Huseklepp.

Del dine bilete frå laksefisket med oss

Viss du vil sende bilete via e-post, sender du dei til: sffoto@nrk.no.

Vil du sende bilete via Instagram, merkjer du dei med #nrksf, så hamnar dei på Instagram-kartet vårt.

Slik sender du med Instagram

Merk biletet med #nrksf

Ved å bruke emnemerket #nrksf godkjenner du at NRK kan publisere biletet i ei kvar redaksjonell samanheng på TV og nett.

Ved å sende video eller bilete, gir du oss løyve til å nytte dei på nettsidene til NRK. Stoff som blir brukt, blir lagt ut saman med namnet til fotografen. NRK skal ikkje selje bileta vidare.

Sjå meir informasjon om retningslinjer i faktaboksen til høgre.