Hopp til innhold

Først fôr bilen i elva - så gjekk nabohuset...

Arild Borlaug såg alt forsvinne i vassmassan – sjølv stod han att på land med lommelykta i handa. No er han berre glad ingen menneskeliv gikk tapt.

Created by InfoDispatcher

GLAD ALLE ER HEILE: Arild Borlaug synest det er trist at hus og bil gjekk tapt, men prisar seg lukkeleg over at heile familien vart berga. Foto: Arve Uglum/Steinar Lote

NRK møter han utanfor huset til foreldra i Aurland dagen etter at alt familien eigde gjekk tapt.

– Det går etter tilhøva bra, vi har sove nokre timar. Det tek til å synke inn kva som har skjedd, men kanskje ikkje heilt enno. Vi er heile, alle kom seg ut, det materielle kan vi kjøpe, så det betyr ikkje noko.

Først gjekk bilen, så husa

Borlaug køyrde heim frå jobb måndag ettermiddag, og såg då at noko var i ferd med å skje.

– Då var elva byrja å gå opp i vegen, så eg kom meg nett over brua og heim. Så bestemte vi oss for å dra bort i nabohuset til svigerforeldra mine.

Der tok han nokre telefonsamtalar, medan han såg ut vindauget.

– Då såg eg at nokre lysstolpar attmed huset mitt tok til å reise, så då forstod eg at noko var i ferd med å skje. Då sprang eg bort og fekk teke nokre ting ut av huset. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle ta ut. Eg tok med ein harddisc med bilete, andre ting kan vi erstatte.

Så vart han vitne til at det meste av det hen eig vart teke av Flåmselvi.

– Først fôr den eldste bilen, etter ei stund gjekk nabohuset, så gjekk påbygget mitt etterpå. Eg stod og lyste med lykt og såg at det forsvann i elva.

– Korleis hadde du det då?

– Nei, du tenkjer ikkje. Vi var trygge, det var det vi tenkte, det vart ikkje reflektert over noko anna enn at no fer det.

Herjingane i Flåm etter flaumen

STORE ØYDELEGGINGAR: Flåmselvi har gjort store delar av Flåmsdalen til eit katastrofeområde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sat under ein heller

Dei heldt seg i huset til svigermora ei stund før dei gjekk inn i garasjen, og derifrå til nokre naboar. Men så fekk dei beskjed frå politiet om at området måtte evakuerast.

– Vegen var vekk, så vi gjekk opp langs fjellet og kom oss opp i høgda. Så har vi ein nabo som heiter Terje Hilstad som køyrde oss opp i fjellsida. Der sat vi under ein heller i halvannan time.

Då fekk dei beskjed om at redningshelikopteret var på veg.

– Då køyrde Terje oss opp på toppen, der er det ein fin landingsplass, der sat vi til midnatt, då kom Sea Kingen og henta oss.

– Fekk med oss katten

Med han var mellom anna den 11 år gamle dottera, den eldste dottera på 18 var på jobb i Flåm og fekk beskjed om å søke tilflukt på Fretheim Hotell.

– Den yngste tykte nok det var tøft, men så lenge vi fekk med oss katten så tykte ho det var det beste.

Huset kjøpte dei for 11 år sidan, og det er lagt ned mange arbeidstimar i det.

– Det einaste som er att er ein platting som eg støypte i sommar, vi skulle ha ein uteplass. Det er vemodig, det skal eg vedgå. No må vi berre få oss ein stad å bu, gå på jobb og ha noko anna å tenke på. vi må rett og slett leve vidare.