Hopp til innhold

Ved denne sjukeheimen er ferdigmat forbode

LÆRDAL (NRK): Ein ny generasjon brukarar på sjukeheimar krev nye smakar på bordet. I Lærdal tek dei akkurat det på høgste alvor og har kutta ferdigmaten.

LÆRER AV MEISTERKOKK: Omnsbakt torsk, potetpure og karrisaus står på menyen hos lærling Hilde Kveane og meisterkokk Steinar Lindstrøm.

Fisk blir filetert før den hamnar i omnen, poteter mosa og safran dryssa i fiskesuppa. Mat laga frå botnen, med gode, kortreiste råvarer er sjølvsagt for Lærdal alders- og sjukeheim. No er meisterkokk Steinar Lindstrøm invitert for å løfte maten ytterlegare.

– No kan du legge oppi fleire fiskebitar, instruerer han lærling Hilde Kveane.

– Vi er begynt å kome inn i eit generasjonsskifte blant brukarane på sjukeheimar. Folk har reist meir og lært seg andre smakar, seier Lindstrøm

Den erfaringa har også Brita Einemo, som jobbar ved sjukeheimen.

– Vi ser det har vore eit generasjonsskifte på institusjonen vår, der dei krev litt nye smakar og at det skal sjå godt ut. Dei er vande til litt anna mat enn det vi har servert dei siste åra, seier ho.

– Vi lagar mesteparten av maten frå botnen allereie, Men det er fint å få litt nye idear.

Må få slutt på ferdigmaten

Lindstrøm seier kjøkkenet i Lærdal er av dei betre institusjonskjøkena han har vore på. Gode råvarer er sentralt, men også dei tilsette er avgjerande for kva mat brukarar ved institusjonar får på bordet.

Omsbakt torsk, potetpure og karrisaus

KVARDAGSKOST: Omsbakt torsk, potetpure og karrisaus står på menyen hos Lærdal sjukeheim.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Det som handlar om folka som jobbar der – haldningane og interessa, og kor flink kjøkkensjef er til å motivere til på lage mat frå botnen av. Og det kan dei her, seier Lindstrøm.

– Alle har gode og dårlege dagar. Men vi må slutt på bruken av ferdigmat. Vi må få inn nok i ressursar i institusjonane våre. Vi må ha god service og god mat, og det har dei her.

Inspirerande

Dei tilsette lar seg inspirere av meisterkokken. Safran i suppa er ikkje daglegdags.

– Det er spenstig på ein sjukeheim, det er jo verdas dyrare krydder, seier Einemo.

Ho er ikkje i tvil om at mat er viktig for brukarane.

– Mat er livet, det er det vi lever for, var det ein som sa. Ofte det som er samlingspunktet og det dei gler seg til i løpet av dagen, seier ho.

Fiskesuppa med safran er ferdig, og blir dagens lunsjmat.

– Er det passeleg med salt, eller kva synest du? spør Lindstrøm Hilde Kveane.

– Det er veldig godt. Og eg er ikkje glad i fisk ein gong, ler ho.

Lærdal sjukeheim

FALL I SMAK: Fiskesuppe med safran smakte, meiner Marit Bakketun.

Foto: Steinar Lote / NRK