Hopp til innhold

Vebjørn tok to storlaksar i Flekke

Det er mange som har prøvd fiskelukka i fleire elver i helga. Men ikkje alle har fått noko napp. 11-åringen Vebjørn Løkkebø er ikkje ein av dei. Han fekk to laksar.

Vebjørn Løkkebø

NØGD: Vebjørn Løkkebø hadde all grunn til å smile då han fekk denne laksen på stanga like over midnatt fredag. Over fem kilo tung var fisken.

Foto: Bjørn Tore Løkkebø

- Eg har vore interessert i å fiske laks i nokre år no. Det er veldig kjekt. Spesielt når ein skal få fisken på land, seier Vebjørn Løkkebø frå Førde.

Fekk laks etter ti minutt

Vebjørn Løkkebø

IVRIG: Vebjørn har vore med pappa Bjørn Tor4e Løkkebø fleire gonger for å fiske. Det er første året han er med på opningshelga.

Foto: Bjørn Tore Løkkebø

Ved midnatt fredag opna fleire elver for laksefiske, og mange stod klare til å kaste flugene i vatnet.

I Flekkeelva var Vebjørn saman med pappa Bjørn Tore Løkkebø. Han har teke med seg sonen på fiske i fleire år, og hjelper litt til når det skal kastast.

- Eg kasta ut, så tek Vebjørn over, fortel Løkkebø.

Måtte jobbe for å få den på land

Og det tok ikkje lang tid før Vebjørn hadde meir enn nok å gjere.

- Det tok kanskje ti minutt så fekk vi napp. Og det tok vertfall ti minutt til før vi hadde laksen på land. Då tok vi bilete og jubla, seier han.

Men dei gav seg ikkje med ein laks. Far og son heldt det gåande utover natta med nokre sovepausar.

Adrenalinet pumpa

Vebjørn Løkkebø

JOBBA HARDT: Laksen er sprell levande og krevjande, og Vebjørn måtte jobbe godt for å få den på land.

Foto: Bjørn Tore Løkkebø

Og Vebjørn klarte å dra i land ein laks til det første døgnet dei fiska.

- Det er viktig å ha stram line heile vegen, og sveive når ein har sjansen. Så kjempar ein, og ein får litt adrenalin i kroppen når det skjer.

- Er det vanskeleg?

- Eg har ikkje så lang erfaring, men det er ikkje så vanskeleg.

Det vert fleire fisketurar med pappa frammover også. og Vebjørn meiner han er ganske god til å fiske.

- Ja han er vel det.

- Er målet å bli betre enn pappa?

- Ja, det må eg jo, ler han.

Skal ta ti

Men dei to har ikkje tenkt å seie seg nøgde med to laksar. Vebjørn har klare tankar om kor mange fiskar han skal ha på land.

- Eg har som mål å få ti laksar tilsaman, seier han.

Pappa Bjørn Tore Løkkebø er stolt av sonen, og også han er klar til å kome seg ut meir i laksesesongen.

- Det blir nok ein del fisking i helgene frammover ja. Det er ikkje til å unngå det, seier han.

Lite vatn i Flekkeelva

Vebjørn Løkkebø

I POSISJON: I Flekkeelva klar til å fange storfisken.

Foto: Bjørn Tore Løkkebø

Men nøgd med fiskinga etter helga er han ikkje.

- Generelt i Flekkeelva har det vore sjeldant dårleg fiske for å vere opningshelga. I øvre del av elva er det teke sju fiskar. Det er ikkje så mykje, seier han.

Det er lite vatn i elva, noko som kan vere ei av årsakene.

- Ja, lite vatn spelar inn, og det er ein sein vår. Eller det kan rett og slett vere ein dårleg årgang. Uansett håpar vi at fisket tek seg opp.