Svært mange hadde møtt opp til opninga av Vebjørn Sand si utstilling Individets val. Utstillinga er ei såkalla pop-up-utstilling og heng i tredje etasje på eit av dei store kjøpesentera i Førde.
Både gamle og nyare verk av Vebjørn Sand er å sjå i utstillingslokala.
Namnet på utstillinga, Individets val, kjem ifølgje Vebjørn Sand frå ein artikkel Knut Olav Åmås skreiv om verka hans i Aftenposten. – Dette handlar om menneske som står i ekstreme situasjonar og tek store val, forklarar Sand om sine bilete frå andre verdskrig.
Sunnfjordingane Ingrid og Jens Terum var snare med å sikre seg kunstnaren sin signatur på biletet dei kjøpte med seg. – Eg falt for bilete frå Lofoten. Det har alltid betydd noko for meg. Heile min barndom reiste far min på fiske i Lofoten, så med det same eg såg det biletet, måtte eg kjøpe det, seier Ingrid.
– Andre verdskrig er noko vi kjenner til i kunsten, det er uttrykt gjennom alle andre kunstformer. Men biletkunstnarar har så å seie ikkje rørt andre verdskrig, seier Vebjørn Sand om bakgrunnen for mellom anna dette biletet.
Den lokale kunstnaren Rune Furelid (t.v.) legg ikkje skjul på at han let seg inspirere av Vebjørn Sand.
– Vi menneske kan under dei riktige føresetnadene utføre uhyrlege handlingar. Mange fleire av oss enn vi ville våge og tru, seier Vebjørn Sand om verka som er inspirerte av andre verdskrig.
Vebjørn Sand har heldt på som biletkunstnar i over 30 år. – Eg har stått på mine ideal, seier han.