Verdscup-siger til Fannemel i laghopp

Anders Fannemel frå Hornindal slo til med eit kjempehopp under laghopp i Willingen i Sveits. Det heldt til verdscupsiger.

Video Norsk lagseier i hopp

GLADE VINNARAR: F.v. Anders Bardal, Vegard Sklett, Rune Velta og Anders Fannemel.

Foto: Nyhetsspiller

Anders Fannemel, Rune Velta, Vegard Sklett og Anders Bardal hoppa så det suste i lagkonkurransen i verdscupen i hopp i sveitsiske Willingen. Det heldt til siger.

Norge tok dermed sin andre siger i lagkonkurransen denne sesongen, dei vann også i lagkonkurransen i Harrachov før jul.

Allereie etter første omgang låg Norge på 1. plass framfor Austerrike.

Fannemel først ut

Fannemel var først ut med eit godt hopp, deretter følgde Rune Velta opp med nok eit godt hopp på 127 meter.

I siste runde slo Norges tredjemann, Vegard Sklett, til med 138,5 meter, og hoppa frå sjølvaste Thomas Morgenstern med heile 7,5 meter.

Video Norsk lagseier i hopp

Norsk lagseier i hopp

Leia etter første omgang

Det gjorde at Norge leia med 23,6 poeng framfor sistehoppet.

I siste hopp landa Austerrikes Gregor Schlierenzauer på 137,5 meter, men det heldt ikkje til å tukte Norges ankermann.

Anders Bardal sikra sigeren med eit hopp på 134,5 meter, og Norge enda dermed på 999,2 poeng totalt.

Austerrrike vart nummer to på 976,3 poeng, medan Tyskland tok tredjeplassen med 963,7 poeng.

Søndag er det klart for individuell konkurranse og der stiller Norge mannsterke. I tillegg til dei fire som deltok i laghopp, hoppar Andreas Stjernen, Bjørn Einar Romøren og Atle Pedersen Rønsen.