Hopp til innhold

Vått, men rått - sjå bileta frå Utkantfestivalen

Tiårsjubileet for Utkantfestivalen ser ut til bli den desidert våtaste festivalen nokon sinne. Stemninga ber ikkje preg av det så langt.

Vått, men rått på Utkantfestivalen 2016
Foto: Jostein Vedvik

Med sydvestar og sjøstøvlar stimla folk ut av båtane sine fredag kveld. Dei var klare for å sjå artistar som The Dandy Warhols og The Dogs på scena.

Folkehavet forvandla den gamle handelsstaden til eit pulserande festivalområde, og med den særeigne plasseringa til Utkantfestivalen såg det ikkje ut til å plage folk noko særleg at det hølja ned.

Etter kvart letta det også. Ut på kvelden kunne ein til og med sjå sola.

Øvst i saka kan du sjå eit lite glimt av korleis fredagen gjekk føre seg på den unike båt- og musikkfestivalen.