Hopp til innhold

Vått, kaldt og gjørmete for skyttarane

FØRDE (NRK): Dei måtte til med traktor for å lage nye vegar etter regnet kom og forvandla skyttarcampen i Førde til eit gjørmehol.

Nye vegar måtte komme på plass etter regnet kom

GJØRME: Det er djupe spor i bakken etter bilar som har køyrt inn og ut på det våte jordet.

– No har dei ordna litt betre vegar her, men eg veit mange har måtte ha hjelp av traktor for å få vogna si på plass, seier skyttaren Paul Ole Kleven.

1050 campingvogner, bubilar og telt, fyller dei tre campingplassane der mange av skyttarane bur under landsskyttarstemne.

Paul Ole Kleven på skyttarcampen i Førde

TØRT: Inne hos Paul Ole Kleven og Wenche Christoffersen, har dei tre lag presenning på bakken i forteltet sitt. Der held dei vatnet ute.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Campingplassen utanfor sentrum blei raskt til eit gjørmehol då regnet tok til å pøse ned. Så ille blei det at ein måtte lage til grusvegar på jordet slik at folk kjem seg fram med bil.

Kleven, som har delteke på skyttarstemnet sidan 2000 var budd på at det kunne bli vått. Han hadde ordna seg med tre lag presenning til golv i forteltet utanfor campingvogna si.

– Vi er slett ikkje røynde camparar, men det var ikkje uventa då vi skulle til vestlandet og bu på camp på eit jorde, at det kunne bli litt vått. Vi har lag på lag så ikkje vatnet skal komme inn, seier han.

grusveg, gjørme på skyttarcampen

GRUSVEG: Etter fleire hadde hatt vanskar med køyretøya sine, blei det laga til ein grusveg for å gjere det lettare å køyre ut og inn av campinga.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Må vere positive

Sjølv om regnet høljar ned, og dammane med vatn og gjørme har blitt mange på campen, er det ikkje noko å seie på humøret til camparane.

Linda Sofie Frigaard

GOD STEMNING: Det har vore blautt, seier Linda Sofie Frigaard, men det er godt samhald på campen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Det er blautt, men det har ikkje drope i hovudet enda sjølv om det er nokså fuktig i taket, seier Linda Sofie Frigaard frå Stjørdal.

Ho seier det er god stemning og godt samhald på campingplassen mellom alle skyttarane som bur der.

Morten Brusnes

POSITIV: Morten Brusnes held humøret oppe, men veit ikkje om han vil halde ut heile veka sidan vêret er så stygt.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Morten Brusnes er på stemnet med sonen sin, og har ikkje blitt skremt av vassdropane enda. Men det er usikkert om dei vil halde ut heile veka i regnvêret.

– Det går veldig fint. Vi må berre vere positive. Men det er ikkje sikkert vi blir verande heile veka, om ikkje sonen min kjem til finalen då, seier Brusnes.

Men Paul Ole Kleven, har ikkje tenkt til å gi opp.

– Vi skal vere her heile veka. Det skal jammen bli gale om vi skal måtte evakuere, seier han.

Gjørmehol

BLAUTT: Fleire stader på campen ser ein slike hol som vitnar om at bilane har hatt litt problem med å køyre ut og inn av campinga utanfor Førde sentrum.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK