I Luster trudde planleggjar Kjell Inge Søvde først at dei hadde med ein lekkasje på ein vassleding å gjera. Men noko lekkasje var det ikkje snakk om. Tilfellet var heller at folk i Hafslo-området vatna ekstremt mykje. Og når alle vatnar på ein gong går det med enorme mengder vatn, fortel Søvde.
Må stramme inn
Løysinga vart å innføre kraftige restriksjonar på vatninga i områda Hestnes, Galden og Solvorn. Det same måtte gjerast i Sogndal då vassforbruket tok av også der.
Ikkje vatning i sola
No håpar Søvde at folk kan ta til seg eit lite vatningstips før den nye godvêrsperioden som er meldt i helga: Han oppmodar folk om å vatne etter at sola har gått ned, for å unngå at så mykje av vatnet fordampar, og sjølvsagt å følgje dei kommunale vatningsrestiksjonane.