NRK Meny
Normal

Vatnet skapar kaos i Førde sentrum

E39 ved Førde Hotell i Førde er oversvøymd.

Vassmassar på E39 i Førde

KAOS: Det straumer store mengder vassmengder ned på E39 i Førde sentrum måndag kveld.

Foto: NRK-tisar

- Det er flaum og totalt kaos i delar av Førde sentrum, det seier teknisk sjef i Førde kommune, Bernard Øberg.

Ved Førde Hotell er E39 stengd fordi ei elv renn over vegen.

Trafikken må gå gjennom Førde sentrum, noko som har ført til lange bilkøar på begge sider.

Oppe i byggjefelta er fleire kjellarar oversvøymde.

-Regnet høljar ned vatnet flyt overalt. Det er totalt kaos. Vi har kalla inn mannskap frå sivilforsvaret til å passe på elvar og bekkar, og vi har elles alt tilgjengeleg personell ute, fortel Øberg.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.