Hopp til innhold

Vatnet er på retur - men her stig det framleis

Ved dei fleste målestasjonane har flaumen nådd toppen og er på veg tilbake. Men både i Jølstravatnet og Viksdalsvatnet vil vatnet stige fram mot ettermiddagen.

Mykje vatn i Jølstravatnet

FLAUM: Jølstravatnet har stige mykje dei siste dagane grunna nedbøren siste dagane.

Foto: Kathrin Heggheim Nilsen

– Vatnet stig framleis i nokre av dei store magasina, og det gjeld både Jølstravatnet og Viksdalsvatnet. Vi reknar med at dei vil ha nådd toppen utpå ettermiddagen, seier Brigt Samdal.

– Då skal det byrje å søkke, seier regionsjefen i NVE.

Han har hatt ein hektisk dag med å halde kontroll på dei store vassmassane som har komme over Vestlandet. No ser det ut for at det verste er unnagjort. Utan dei store skadane.

Bilist hamna midt i jordras

Måndag føremiddag gjekk det eit mindre jordras ved Strand på sørsida av Jølstravatnet.

– Eg klarte å liste meg forbi med bilen, men det kan kome meir ned i vegen, fortel Joar Dvergsdal.

Han kom rett opp i jordraset, som gjekk om lag tre kilometer frå Vassenden. Den store nedbøren dei siste dagane kombinert med høge temperaturar har ført til utfordringar på vegane.

– Eg køyrer her dagleg, og har ikkje sett ras her før. Det er truleg ei lita elv som har tetta seg, og drege med seg røter, jord og grusmassar ned på vegen, seier Dvergsdal.

Flaum i Førde
Foto: Borgar Sagbakken

– Kan kome ras alle stader

Den verste nedbøren i fylket har truleg gitt seg, men det kan framleis kome lokale byer, og fleire stader er det først når det har lysna av dag at ein har sett korleis tilstanden er. Dvergsdal fortel at vatnet i Jølstravatnet står særs høgt.

– I dag kan det kome ras alle stader, med så mykje snøsmelting i fjellet og nedbør. Jølstravatnet er enormt stort i dag, og det ser ut som båtar som ligg der snart vil flyte ut og fare ut på vatnet, fortel Dvergsdal.

Mykje nedbør i ytre Nordfjord

Ifølgje Samdal er det venta lågare temperaturar og nedbør i form av snø i fjellet. Det vil kunne hjelpe på situasjonen i låglandet.

For NVE følgjer spesielt med på nokre spesielt utsette punkt. Særleg har det måndag føremiddag komme mykje nedbør i ytre Nordfjord. Men førebels har ein ikkje sett kritiske situasjonar.

Samdal oppmodar folk om å halde seg borte frå elvebreiddene, då desse kan vere svakare som følgje av dei store vassmengdene.