NRK Meny
Normal

Vatn har skapt størst utfordring til no - men no kjem vinden

Den kraftigaste vinden er venta å slå inn over Sogn og Fjordane mellom klokka 16 og 18. Allereie på føremiddagen har folk langs kysten merka uvêret.

Vasstanden steig godt i Florø laurdag føremiddag.

NEDBØR: Det er venta lokalt store nedbørsmengder og høgare vasstand. I Florø står fleire bygningar utsett til.

Foto: Truls Kleiven

– Det er ikkje noko vits å køyre buss no. Alle båtane og alt anna er innstilt, så då er det heller ingen grunn til at bussen skal gå, seier bussjåfør Oddbjørn Mjømen.

Då NRK snakka med han skulle han i grunn ha sete bak rattet på bussen som går mellom Byrknes og Mjømna i Gulen, men med uvêret Nina under oppsegling og godt på veg innover kysten av fylket, så let han bussen stå.

– Dei få turane eg har hatt i dag, så har det vore lite bilar og folk på vegane. Dei fleste har vel vore opptekne med å plukke inn hagemøblar og slikt, og held seg inne, trur bussjåføren.

Sunnfjord og Ytre Sogn som får merke mest

Uvêret Nina skal nå toppen på ettermiddagen, og det er Sunnfjord og Ytre Sogn og kan vente seg å bli hardast råka av naturkreftene. Det er venta vindkast på opp mot 30 til 40 meter i sekundet, men vinden er venta å minke noko på kvelden. Fleire vegar er stengde som følgje av uvêret.

Laurdag ettermiddag er det fare for høg vasstand, og den kan nå mellom 60 til 70 centimeter over normalen. Det er også venta at det kan kome mellom 60 og 90 mm nedbør enkelte stader.

Vasstanden steig godt i Florø laurdag ettermiddag.

MEIR I VENTE: Vinden er venta å kome inn over Florø og kysten av Sunnfjord og Ytre Sogn frå klokka 16.

Foto: Truls Kleiven

I Florø har ein tydeleg sett spor av nedbørsmengdene og springfloa som kom. Vasstanden har stege, og stått høgt på bygningar nær sjøen. Til no har det ikkje gjort skade.

– Til no har ikkje uvêret levd opp til forventingane, men vi har meir enn nok vêr her ute, så vi treng ikkje ekstremvêr. Heldigvis var det ikkje vind då vatnet stod høgt opp, seier ordførar i Florø, Bengt Solheim Olsen.

Trur folk er godt budde

Også i kystkommunen Solund har det til no vore roleg, men ein er spente på dei høge bølgjene som er varsla.

– Vi har hatt ei ringerunde til folk på øyane, og eg er i grunn roleg. Det er sindige folk som har vore ute i storm før og veit kva dei skal gjere, seier ordføraren for kommunen med mange små øyar, Ole Gunnar Krakhellen.

Ole Gunnar Krakhellen

VENTAR: Kystkommunane i Sogn og Fjordane ventar framleis på uvêret Nina. Ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen, trur folk i kommunen er godt budde.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Han trur bølgjene kan bli utfordrande, og understrekar at dei følgjer situasjonen tett. I Gulen har det til no ikkje vore så gale, men bussjåføren er klar over kva som kan vente.

– Floa har gått litt tilbake, men då kjem vel vinden. Korleis det blir i natt er uvisst, og vi kan vel ikkje slappe av før vinden har løya, seier Mjømen.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen