NRK Meny
Normal

På ei veke har Fjaler vore både varmast og våtast i landet

I går var Fureneset i Fjaler nest varmast i landet. I dag tok dei steget heilt til topps – saman med Ørsta/Volda.

Fureneset i Fjaler

FJALER: Fureneset i Fjaler var saman med Ørsta/Volda varmast i landet onsdag. For ei veke sidan var Hovlandsdal i same kommune våtast i landet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vêret har svinga kraftig i Fjaler den siste veka. Førre torsdag var Hovlandsdal våtast i landet , medan Fureneset varmast i landet i dag.

Klokka 13 vart det nemleg offisielt målt 13,1 varmegrader. Likevel tronar Ørsta/Volda øvst på lista over dei høgste målte makstemperaturane i dag. Med same temperatur.

– Det er mange stadar som har hatt tosifra varmegrader i dag. Først og fremst i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, seier statsmeteorolog Frode Hassel.

Varmt i Svelgen

Det er med andre ord behagelege dagar vi no er inne i. Eit høgtrykkssystem har bygt seg opp over Vestlandet. Og her blir det liggande i alle fall gjennom helga.

Bak Ørsta/Volda og Fureneset, finn ein Svelgen som også med sine 13,0 grader har hatt det nær 30 grader varmare enn dagens kaldaste stad – Kvitøya (-16).

– Det er vel årets varmaste dag så langt, og den første ordentlege vårdagen temperaturmessig, seier Hassel.

Meir sol i vente

Og varmare kan det bli. Ikkje mykje, men litt:

– Det blir ikkje store skilnaden, men kanskje litt stigande temperaturar mot fredag og laurdag, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Prognosane fortel også om godvêr så langt augo kan sjå. I klartekst dei neste ti dagane. Sjølv om temperaturen er venta å falle med nordleg vind frå søndag av.

– Nord for Stad er det større sjanse for nedbør, og i slutten av neste veke ser det ut til å bli stigande temperaturar att. Hovudsakleg blir det lite skyer og ein god del sol, seier Hassel.

Vegopning på Bergum i Førde kommune