Hopp til innhold

Våtast i landet, og våtare kan det bli

Ekstremværet Synne har sett sitt preg på nyheitene denne helga. Folk i Sør-Vest har hatt det vått. Og dette blir det berre av framtida meiner forskarane.

Laurdagsrevyen 05.12.2015

I Brekke i Gulen er dei godt vande med regn, Brekke er nemleg staden med mest nedbør i heile landet.

Kvart år kjem det tre og ein halv meter nedbør i Brekke i Gulen. Det er ein halv meter meir enn i Oslo og Bergen – til saman. KIimaekspertane meiner det er stader som dette som vil få den største auken av nedbør i framtida.

– I november hadde vi berre tre dagar utan regn, seier Gerd Wergeland

Kvar morgon klokka åtte måler ho kor mykje nedbør som har kome det siste døgnet. Når NRK er på besøk har det kome 46,3 millimeter regn i måleapparatet ho har ståande på tunet.

Frå januar til og med november i år ligg Brekke allereie godt over 3,5 meter som er normalnedbør på eit år. Ved utgangen av november var det kome 3,8 meter nedbør i Brekke.