Hopp til innhold

Rekordmange gjer som Hermann og Rina

I 25 år har nederlandske Hermann og Rina Pijpelink feriert ved Gloppen camping. I år har dei delt campingplassen med rekordmange turistar.

I 25 år har nederlandske Hermann og Rina Pijpelink feriert ved Gloppen camping. I år har dei delt campingplassen med rekordmange turistar.

FULLE CAMPINGPLASSAR: Mange av plassane set rekord i år.

Det nederlandske ekteparet ser ikkje ut til å gå lei livet ved Gloppefjorden på Sandane.

Kvart år returnerer dei til Gloppen camping for å lade batteria til kvardagen i heimlandet.

– Hovudgrunnen til at vi stadig reiser til Norge er den fine naturen. Her er det ikkje stress og vi nyt å vere her, seier Hermann til samtykkande nikk frå kona.

Debuterer som campingturistar

Knut Borge

NØGD: Livet som bubilturist freistar for gjentaking, vedgår Knut Borge som først i år kjøpte seg bubil. – Vi fann ut i vår at vi ville prøve det etter fleire år med båt. Og vi likar det veldig godt, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

Ekteparet er ikkje åleine om å velje norske campingplassar framfor hotell og sørlegare strok. For sjølv om sommaren har vore ein vêrmessig nedtur for mange, har campingplassane i fylket aldri hatt betre besøk.

Etter fleire år med sommarferie til sjøs, kjøpte Karin og Knut Borge seg bubil for å sjå heimlandet frå landevegen. Dei forsikrar at det ikkje er første og siste det skjer.

– Dette er alle tiders, og når du får slike dagar som i dag er det berre fantastisk. Og slik bilane er, er det ganske komfortabelt. Du har det du trenger i bilen. Det er nesten som eit hotell på hjul, smiler Knut.

Telting er «in»

Dagleg leiar Rune Kjørvik seier han aldri har att så mange overnattande ved campingplassen ved Gloppefjorden. Sjølv om vêret har vore så som så.

– Naturen trekkjer. Det er ikkje mange som brukar den, men dei vil sjå setje seg ned og puste inn den friske lufta, seier Kjørvik.

Kring 88 prosent av gjestene er norske. Resten er hovudsakleg tyskarar og nederlendarar. Og stadig fleire ligg i telt.

– Spesielt unge familiar med små born likar å ha det primitivt og enkelt. Det har blitt litt «in», seier Kjørvik.

Rekordsommar

Kristine Hjelmbrekke

FLEST NORDMENN: – Vi har alltid hatt mykje norske, men ser ein auke med utanlandske i år sikkert fordi det er rimelegare å farte i Norge, seier Kristine Hjelmbrekke ved Jølstraholmen camping.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Også Jølstraholmen camping på Vassenden i Jølster går mot besøksrekord.

– Vi hadde ein kjempefin juni med godt vêr og mykje aktivitetar. Då hadde vi 38 prosent auke frå fjoråret, som også var eit rekordår. Sjølv om vêret har vore skikkeleg dårleg, så har vi allereie passert fjorårstala, fortel dagleg leiar Kristine Hjelmbrekke.

– Vi hadde 21 prosent auke i mai og åtte prosent auke i juni. Juli ser veldig bra ut og dersom det held fram så blir det vår beste månad også. Det lovar eigentleg veldig bra, legg medeigar Terje Stalheim ved Kjørnes camping i Sogndal til.

Naturen lokkar

Stalheim trur auken skuldast at nordmenn i større grad ynskjer å feriere i eige land.

– Vi har merkbar auke med norske gjester, og det er ein lang trend, seier han.

Ved Jølstraholmen trur Hjelmbrekke at det er naturen som lokkar både nordmenn og utlendingar til Sogn og Fjordane.

– Dei vil vere ute i naturen, og der er vi veldig sterke, seier ho.