Hopp til innhold

Dei hadde Årets kulturidé - kan gle seg over 100.000 kroner

Våt moro-gjengen frå Florø kan gle seg over 100.000 kroner for årets beste kulturidé.

Våt moro vann Årets Kulturide 2013

JUBLA: Vinnarane Roger Bareksten og Sander Ødelien (i gult) blei glade då dei fekk sjekke på 100.000 kroner. Dei stod på scena med juryleiar Pål Fidjestøl og programleiarane Gro Ravnestad og Erlend Blaalid Oldeide.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Avgjerda fall under ettermiddagens radiosending frå hagen til NRK Sogn og Fjordane. Prisen er eit samarbeid mellom NRK Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane. Juryleiar Pål Fidjestøl seier Våt moro fekk flest røyster og var ein klar vinnar.

I grunngjevinga stod det:

Årets vinnar har tydelegvis treft ei nerve i publikum, både i form av å ha eit soleklart fleirtal i avstemminga – og på sjølve arrangementet. som allereie første år begeistra eit stort publikum.

I tillegg har dei samla både kompetanse og entusiasme frå nær sagt heile fylket for hjelp til både å utvikle ideen og til å gjennomføre festivalen. Dei har elles eit potensial til å at resten av landet med storm. Eller kanskje rettar sagt« resten av vatnet». For vinnaren er Våt moro i Florø!

Ei stor anerkjenning

Publikum under årets kulturide 2013

HAGEFEST: Utdelinga av Årets kulturidé var i hagen til NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Til stor applaus kom Roger Bareksten og Sander Ødelien opp på scena for å ta imot hyllest og ein sjekk på heile 100.000 kroner.

– Først og fremst er dette ei stor anerkjenning av det arbeidet vi har halde på med i snart to år. Denne prisen er ein stor inspirasjon for å halde fram, seier Bareksten.

Sander Ødelien seier han forstod at dei fekk prisen då dei blei sagt at den første festivalen var i fjor og at den blei ein stor suksess.

– No skal vi bruke pengane til å dra festivalen utover året, med kurs og aktivitetar, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Her kan du sjå den TV-sendinga der Årets kulturidé 2013 blei kåra.

SJÅ TV-SENDINGA: Årets kulturide 2013 blei delt under ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane. Her kan du sjå alle presentasjonane og utdelingane.

Skal vere litt ekstremt

Våt moro er ein ti år gammal draum som blei realisert for første gong i fjor ved hjelp av fleire tusen dugnadstimar utført av ein haug med eldsjeler som er glade i Florø og aktivt friluftsliv. Festivalen legg vekt på fart, spenning og moro.

Målet er å setje Florø endå meir på kartet, også langt utanfor bygrensene.

– Prisen er eit klapp på skuldra for alle oss sin driv med dette.

– Er dette ein festval for alle eller berre våghalsar?

– Det skal vere ekstremt og marknadsføringa er spissa mot det. Men vi lovar eit tilbod for alle, også dei aller minste.

Ti finalistar har kjempa om å bli Årets kulturidé 2013. Juryen sine ti finalistar har siste vekene blitt presentert både på nett og i radio. Siste tida har også publikum kunne røyste på sin favoritt. I fjor var det musikkfestivalen Utkant som stakk av med prisen og pengane.

10.000 for beste presentasjon

I tillegg til hovudprisen, blei det også delt ut 10.000 kroner til den beste presentasjonen i løpet av sendinga i dag. Det var lyttarane som kåra vinnaren ved å sende tekstmelding med sin favoritt. Dei som stakk av med pengane var Der båra bryt. Det er ei gruppe i Bremanger som har ambisiøse planer om eit vandreteater på Grotlesanden til neste år.

Målet er å ta vare på den gamle kulturhistoria, og presentere den til publikum medan dei går langs sanden og bølgjeskvulpet.

Grete Berntzen, Reidun Øvrebotten og Elisabeth Solbakken var til stades i NRK-hagen og dei glade damene fekk sjekken som kjem godt til nytte.

– Dette var veldig kjekt. Tusen takk til alle som har stemt på oss.

Sjå Våt moro-festivalen 2012 i bilete: