Hopp til innhold

Vassleidning rauk - byggjetomt vart fylt med vatn

FØRDE (NRK):Bustadkomplekset Ullsentralen som skal byggjast i Førde sentrum, skal ha motstraumsbasseng på taket. I dag fekk dei symjebasseng i kjellaren...

Vasslekkasje Førde

HØGT TRYKK: Vasspruten stod til vêrs, men mannskap frå kommunen fekk raskt skrudd av hovudvassåra.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det er ganske mykje, seier Joar Birkeland, teknisk vakt i Førde kommune.

– Vi har hatt ein vasslekkasje. Støtteblokker har glidd ut slik at vasstrykket har pressa røyra frå kvarandre. Då får vi full utspyling, seier Birkeland.

– Ganske mykje vatn

Det har skjedd på tomta til Ullsentralen, eit leilegheitskompleks som skal byggjast i Førde sentrum.

– Kor mykje vatn har kome ut her?

– Eg kan ikkje anslå det på kubikk, men eg kan seie det slik: Det er ganske mykje, seier Birkeland.

Naboar utan vatn nokre timar

Politiet hjelper til med sperring av området. Teknisk etat har stengt vatnet no, og brannvesenet skal pumpe tomta. Lekkasjen har skjedd på ein del av hovudvassforsyninga til Førde.

– Det har skjedd på eit sidestikk på forsyninga. Nokre av dei nærmaste naboane kan bli utan vatn i nokre timar, men elles skal det gå bra for dei fleste, seier

Joar Birkeland og Rune Ytredal

KONTROLL: - Vi fekk stengt av vatnet ganske raskt, seier teknisk vakt i Førde kommune, Joar Birkeland. T.h. Rune Ytredal frå Førde brannvesen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Birkeland.

Rune Ytredal i Førde brannvesen trur det skal gå relativt kjapt å fjerne vatnet på anleggsområdet.

– Grunnen tek allereie av ein heil del. Når brannvesenet kjem med pumper, går dette ganske kjapt, seier Ytredal.

Har lite å seie

Fagleg leiar ved Xform, som står bak byggjeprosjektet, Svein Torsnes, trur ikkje lekkasjen får mykje å seie for framdrifta av prosjektet.

Området står i vatn

MYKJE VATN: - Nøyaktig kor mange kubikk som står her no, torer eg ikkje seie, seier teknisk vakt i Førde kommune, Joar Birkeland.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det blir kanskje byggjestopp i ein dag, men elles trur eg det går bra, seier Torsnes.