Fjerdeklassingane på Vassenden skule presterte 69,5 poeng i snitt, medan landsgjennomsnittet er 50 poeng. Dermed hamnar dei på 14. plass på landsbasis.
Kontaktlærar Kjell Mundal er nøgd:
- Viktigast av alt er at me har bygd eit godt miljø i klassen, slik at elevane ikkje er redde for kvarandre. Prøvesituasjonen er ikkje skummel for dei.