Hopp til innhold

Vil sløkke brann i historiske bygg med vatn. Ekspert: – Elendig måte å ta vare på historia

Mange historiske bygningar og hotell baserer brannsikring på vatn i sprinklaranlegg. – Det skadar historiske bygg, bruk gass i framtida, meiner ekspert.

Knut Aall er skeptisk til sprinklaranlegg som brannsikring i historiske bygg

MOT SI HENSIKT: Knut Aall i Foreningen Fredet meiner sprinklaranlegg ikkje er noko god løysing for brannsikring av historiske bygg.

Foto: Privat/Osland/Stølen/NRK

– Innvendig sprinklaranlegg er ein elendig måte å ta vare på verneverdig interiør, seier styreleiar i Foreningen Fredet, Knut Aall.

Det er svært vanleg å sikre bygg med sprinklaranlegg som vil sprute ut store mengder vatn for å temje og sløkkje ein brann. Aall på si side er skeptisk.

– Flotte og viktige interiør er ofte grunnen til at bygg er verneverdige. Problemet er at sprinklaranlegg trugar det dei eigentleg skal beskytte. Difor er det veldig uheldig og ulogisk å bruke det, seier Aall.

Brann har sett problemstillinga på dagsorden igjen

Brannsikring av historiske, verneverdige bygningar har fått fornya merksemd etter storbrannen i Lærdal. Ingen liv gjekk tapt, men 40 bygningar – av dei 17 bustadhus, vart totalskadde. Trass tragedien det er, kunne det likevel gått verre.

Lokalhistorikar og Kulturvernkonsulent i Lærdal kommune, Kåre Hovland, kalla det hell i uhell at berre tre av 160 verneverdige hus gjekk tapt. I Lærdal var dei i gang med å byggje vassbasert sprinklaranlegg, og før brannen hadde dei installert det i eitt hus.

– No held vi på å byggje sprinklaranlegg både utvendig og innvendig i det gamle bryggjemiljøet på Lærdalsøyri, seier Hovland.

– Ulogisk med vatn

Knut Aall understrekar at kva type innvendig brannsikring som vert nytta ikkje påverkar omfanget av storbrannar av den typen Lærdal opplevde. Men han meiner at vatn for å trygge innsida av verneverdige bygningar er mot si hensikt.

– Ein bygning kan stå i mange hundre år utan å brenne ned, men han kan ikkje stå lenge med eit sprinklaranlegg utan å få vasskadar. På under ein generasjon må ein forvente større eller mindre vasskadar.

Knut Aall

VIL FÅ SKADER: Knut Aall meiner sprinklaranlegg vil føre til skader på verneverdige bygg.

Foto: Privat

Aall seier sprinklaranlegg kan vere ei god løysing i mange tilfelle, men ikkje for verneverdige bygningar. Han vedgår at det finst verneverdige bygg og interiør som ikkje vert øydelagde av vatn, men meiner skadar vil oppstå i dei aller fleste tilfelle.

– Det gjeld også i såkalla tørre anlegg, der det er trykkluft i røyra. Til dømes vil straumbrot føre til trykkfall og vatn i systemet. Så kjem kulda og frosten. Når isen smeltar vil du få lekkasje og vasskadar, seier han.

– Så ein kan få vasskadar utan at sprinklaranlegget har løyst seg ut?

– Ja, ja. Absolutt. I tillegg er det sjølvsagt ein kontinuerleg fare for at du får ei feilutløysing.

Mange brukar vatn

Berre i Sogn og Fjordane er det ei rekkje freda og historiske bygg som brukar sprinklaranlegg med 100 prosent vatn, det viser ei ringerunde NRK har gjort.

Slik brannsikring vert nytta av Kvikne´s Hotell, Gloppen Hotell, Fretheim Hotell og Knutholmen. Ved Lindstrøm Hotell har dei planar om installere det. Walaker Hotell har eit tåkeanlegg, som slepp ut ei tåke med 15 prosent vatn i rom som brenn. Åmot operagard har ikkje sprinklaranlegg.

Nokre av representantane for hotella seier til NRK.no at dei har høyrt om det Knut Aall i Foreningen Fredet meiner er løysinga for å verne både menneske og interiør i gamle bygg.

– Det vil vere naturleg å nytte inergen, altså inerte gassar, som eit middel for å sløkkje branntillaup, seier Aall.

– Gass vil sikre både menneske og bygg

Det finst mange typar gassar for brannsløkking. Inergen er ein gass som er samansett av 52 prosent nitrogen, 40 prosent argon og 8 prosent karbondioksid, gassar som finst naturleg i atmosfæren. Den senkar oksygennivået i eit rom frå rundt 21 prosent til mellom 10 og 13 prosent.

– Gassen kjem berre ut. Det gjer at glør og flammar vert sløkte, medan menneske fungerer greitt. Ein vil puste litt tyngre og få litt høgare puls. Men det er uproblematisk og ufarleg, seier Knut Aall.

Aall meiner gass er ei overlegent betre løysing enn vatn.

– Inergen er fullstendig ufarleg for interiøret, både ved reell og ikkje-ønska utløysing. Anlegget er også veldig diskré og inngrepa i bygningen minimale.

– Finst det problem med inergen?

– Nei. Det eignar seg sjølvsagt ikkje til utandørs sløkking, for då vil gassen spreie seg og ikkje fungere. Men utsida av hus toler vatn mykje betre uansett. Som eit innvendig sløkkemiddel er inergen optimal for dei aller fleste verneverdige bygg.

Små skilnader i kostnader

– Kva er kostnadane på eit inergenanlegg samanlikna med sprinklaranlegg?

– Eg kan ikkje sjå at det er store forskjellar i kostnadane mellom sprinklaranlegg og eit inergenanlegg. Eg trur inergen i mange tilfelle er billegare. Men det vil kunne variere litt frå anlegg til anlegg, seier All.

Han seier at det ikkje finst mange døme på at inergen vert brukt som brannsikring i Noreg. Styresmaktene i antikvarspørsmål har vore skeptiske, seier han. Men no er det i ferd med å snu.

– Etter å ha sett det vellukka prosjektet på Fossesholm trur eg dei har ei heilt anna haldning.

(Artikkelen held fram under)

Fossesholm Herregård

SKEPTISKE: Då eigarane av Fosseholm Herregård starta prosjektet med inergeanlegg for nokre år sidan var Riksantikvaren først skeptisk.

Foto: Fossesholm Herregård / Privat

Frå stor skepsis...

– Ja, det var stor skepsis frå Riksantikvaren då vi først starta med prosjektet for to, tre år sidan, stadfestar leiaren ved Fossesholm Herregård, Ellen Pauline Steen.

Ved herregarden i Øvre Eiker i Buskerud var inergenanlegget for brannsikring klart for rundt eitt år sidan. Då hadde dei lenge vore ute etter eit sløkkesystem utan vatn. Spesielt hovudbygningen med marmor, måleri og kunst toler vatn dårleg.

Ellen Pauline Steen

GASS: Ellen Pauline Steen fortel at dei ved Fosseholm Herregård i Øvre Eiker i Buskerud nyttar seg av eit inergenanlegg som brannsikring.

Foto: Privat

– Dersom eit sprinklaranlegg går, kjem det rundt 200 liter vatn i minuttet frå ei enkelt dyse. Det vert svært mykje vatn. Tapetet vårt med handmåla dekor frå 1760 hadde ikkje tolt det, seier ho.

Riksantikvaren hadde mange innvendingar, fortel Steen.

– Deira oppfatning var vel at gass ikkje eigna seg i freda og historiske bygg som er gisne og utette, fordi gassen då ville forsvinne og ikkje gjere jobben, seier Steen.

I 2012 starta studentar på lina for branningeniørar ved Høgskulen Stord/Haugesund eit prosjekt. Dei undersøkte om inergen-gass fungerer som sløkkjemiddel i verneverdige bygningar.

– Resultata var veldig oppløftande for oss som driv med gamle og utette bygg. Testane deira viste at det eigna seg godt også i slike hus, seier Steen.

Fossesholm Herregård

SKEPTISKE: Riksantikvaren var først skeptiske til bruken av gass, men haldningane har no endra seg.

Foto: Fossesholm Herregård / Privat

...Til stor interesse

Då leiaren ved herregarden fann ut korleis inergen fungerte, var ho sikker på at det var løysinga.

– Vi har no eitt rom med gassflasker, og berre eitt synleg røyr i huset. Dysene som gassen kjem ut av stikk berre 10 centimeter opp av golvet heilt inne ved veggen, og vi kan lett dekke dei til, seier Steen.

Dei har testa systemet fleire gonger. Steen seier ho har vore i rommet med pulsmålar utan å merke forskjell.

– Vi er veldig, veldig nøgde ned inergenanlegget. Testar viser at det fungerer veldig godt, også i utette bygg. Vi vil ikkje få skadar på bygga ved ei utløysing. I tillegg vil brannvarslarar redde folk. Inergen reddar både menneske og hus, sprinklar med vatn vil ofte «berre» redde menneske, seier Steen.

Steen fortel at Riksantikvaren har vore på synfaring både tidleg i prosjektet og i samband med testinga.

– Haldningane har endra seg. No er det interesse rundt inergen for å sløkkje brann. Det har vore nytta i til dømes datarom, i oljebransjen og i skipsfart. Men gass for å sløkke brann er nytt i vår verd med verneverdige og historiske bygg.

Etter at inergen var teken i bruk på Fossesholm Herregård har gassen også vorte teken i bruk på Blaafarveverket. På tidleg 1800-tal var gruvebedrifta i Buskerud den største industribedrifta i Noreg, no er det eit åtte kilometer langt kulturhistorisk museum med mange bygningar. Det finst også nokre få, mindre private bygg som nyttar inergen.

(Artikkelen held fram under)

Brann i Kalvåg

BRANN: Eigarane av Knutholmen i Kalvåg i Bremanger meiner eit sprinklaranlegg kunne ha berga det som gjekk tapt i ein brann i vinter.

Foto: Egil Totland

– Sprinklaranlegg kunne redda det vi tapte

Familien Fosse eig Knutholmen og ei rekkje andre eigedomar for overnatting i Kalvåg i Bremanger. Eitt av husa vart råka av brann under ei veke etter storbrannen i Lærdal.

– Huset er frå 1904. Vi mista mykje historisk viktig materiale. Mange eigedelar gjekk tapt, mykje gamle papir og gamle gjenstandar, seier dagleg leiar av Knutholmen, Jan Fredrik Fosse.

Fosse seier dei har hatt sprinklaranlegg i nokre av husa i 15 år utan feilutløysing.

– Sprinklaranlegg kan heilt sikkert øydelegge og skade noko materiale. Men det kan gjere større skade om ein ikkje har det. Sprinklaranlegg kunne ha redda mykje av det vi tapte i huset som brann, seier Fosse.

Familien vil no utvide, og skal byggje åtte store leilegheiter og eit anna bygg med 24 utleigeeiningar. Ifølgje Fosse har dei har ikkje vurdert gass i nybygga.

– Vi skal ha sprinklar både utvendig og innvendig. Det same skal vi ha når vi byggjer opp att huset som brann. Då vil vi ha sprinklaranlegg i nesten alle husa her ute hos oss.

Ikkje gass i Lærdal

I Lærdal har det vore fokus på brannsikring i lang tid, seier kulturvernkonsulent i kommunen, Kåre Hovland.

– Vi har til no brukt rundt fire millionar i sikringsarbeid, pengar som har kome både frå kommunen, UNI Stiftelsen og Riksantikvaren.

Pengane har gått til trådlause detektorar i dei 160 verneverdige bygningane. Detektorane fortel kvar det brenn, og er direkte kopla til ein sentral og Alarmsentralen i Sogn og Fjordane i Florø. I tillegg har dei oppretta vasspostar som huseigarar kan nytte ved brann, og skaffa brannsikre søppeldunkar.

(Artikkelen held fram under)

Kåre Hovland i Øyragata i Lærdal

IKKJE GASS: Det har førebels ikkje blitt vurdert å nytt seg av gass som brannsikring i dei verneverdige husa på Lærdalsøyri.

Foto: Jan Christian Jerving

Held fram arbeidet

Før storbrannen vart sprinklaranlegg installert i eitt hus som ligg sentralt i det verneverdige området. No fortset arbeidet etter planen som vart sett opp i brannsikringsplanen for verneområdet.

– No monterer vi sprinklaranlegg i det gamle bryggjemiljøet på Lærdalsøyri, både innvendig og utvendig. Men vi er ikkje ferdige.

– Har de høyrt om og vurdert gass?

– Vi har høyrt om det, men det har ikkje vore vurdert her førebels. Vi har vurdert ulike typar av sprinkling, og har landa på vatn.

Persontryggleiken viktigast

Knut Lindstrøm er femte generasjon eigar av Lindstrøm hotell i Lærdal. Hotellet hadde planar om sprinklaranlegg før storbrannen. I anlegget dei no skal installere i den historiske delen av hotellet vil det ikkje vere vatn i anlegget før brann.

– Men skulle det bli utløyst vil det nok verte kraftige vasskadar, seier Knut Lindstrøm.

Knut Lindstrøm

GJESTANE KJEM FØRST: Knut Lindstrøm ved Lindstrøm hotell i Lærdal seier tryggleiken til folk i bygga er viktigast.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han seier dei har vurdert eit tåkeanlegg med mindre vatn, slik som Walaker Hotell har. Men både spørsmål om godkjenning og frykt for at humus i vatnet skal gjere at vatnet ikkje kjem gjennom dei mindre utløpa for tåka, gjer at det vart vraka.

– Det er mange omsyn å ta, og for oss er tryggleik for personar grunnen til at vi har valt eit tradisjonelt anlegg.

På dette punktet får Lindstrøm ikkje protestar frå Foreningen Fredet.

– Sprinklaranlegg er ein glimrande måte å redde ut folk, men som sagt ein elendig måte å ta vare på verneverdig interiør. Og med skikkelege system for varsling, er ikkje gass mindre trygt for menneske, seier styreleiar Knut Aall.

Meiner gass er framtida

Aall seier at gass som sikring er i ferd med å verte meir kjent.

– ICOMOS, den internasjonale organisasjonen for museumsfolk, har eit museumsanlegg i Danmark som er sikra med inergen som ein av sine hovudattraksjonar på samlinga til sumaren, seier Aall.

– Så dette er ein relativt ny ting, men er i ferd med å verte ein internasjonalt anerkjent metode å løyse dette på. I motsetnad til sløkkesystem basert på vatn.

– Trur du skepsisen har vore grunna i frykt for kva gassen kan gjere med menneske?

– Det kan vere nokon har frykta gassen på det grunnlaget. Men vi vil ikkje ha senka oksygennivå over lang tid, men senke det ved behov, når glør og flammar oppstår. I kvardagen vil det vere heilt normal luft.

– Så ditt råd er at alle verneverdige bygg bør skifte ut sprinklaranlegg med inergen-system?

– Nei, det finst det ikkje pengar i systemet til å gjere. Men der det ikkje finst eit system for brannsikring og ein skal velje eit, eller der systemet av ein eller annan grunn skal skiftast, bør ein droppe vassbasert sløkking og satse på gassbasert sløkking.