Hopp til innhold

Vart VM-klar for to år sidan – i år får ho reise

Allereie som 15-åring kvalifiserte hekkløparen Kristi Strømmen Kjerpeset (17) seg for U18-VM. Då var ho for ung til å reise. Det er ho ikkje i år.

Kristi Strømmen Kjerpeset

SKADEMARERITT: Kristi Strømmen Kjerpeset sleit 18 månader med ein muskelskade. I comebacket fekk ho ein ny.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Eg har allereie fått beskjed om at dei vil sende meg. Kravet har eg tatt, så det einaste eg må gjere, er å halde meg skadefri og gjere gode løp. Så blir det Colombia og VM, smiler Kristi Strømmen Kjerpeset.

Skademareritt

Hekkløpartalentet frå Florø har opplevd eit skademareritt av dimensjonar siste halvanna året. For berre månader etter at ho klarte VM-kravet til U18-VM i 2013, sleit ho ein muskel på baksida av låret.

Sidan venta eitt år og seks månader med rehabilitering. Før ho 18. januar i år gjorde comeback – og vart skadd på ny.

– Eg kom sterkare tilbake enn nokon gong og sprang inn til personleg rekord på 60 meter under stemnet i Ulsteinvik. På 200 meteren i same stemne fekk eg strekk i den tjukke hamstringsmuskelen. Den kan heldigvis rehabiliterast på ein månad, seier 17-åringen.

Rekordsankar

Difor var ho i helga med i arrangørstaben bak helgas innandørsstemne i Florø, og fekk mellom anna sjå Jaysuma Saidy Ndure levere sin beste sesongstart på seks år.

Sjølv har 17-åringen sett aldersrekord på aldersrekord opp gjennom tida, og har vore Norges beste i sin klasse. På 100 meter hekk er rekorden hennar på 14.35, medan 300 meter hekk blir gjort unna på 45.06.

Kristi Strømmen Kjerpeset lovande talent i friidrett.

SJÅ VIDEO: Kristi Strømmen Kjerpeset demonstrerer korleis det er å vere hekkløpar.

– Eg ser lyst på framtida, seier ho.

– Korleis har dette halvanna året etter skaden vore?

– Det var tungt i starten, men eg har prøvd å sjå framover og positivt på det. Eg trur eg aldri har vore så glad i friidrett som eg er no. Eg ser kor bra det kan gå når ein berre står på, jobbar og har ting å sjå fram til.

VM-finale

Og det har absolutt 17-åringen frå Florø. For i sommar kan ho setje seg på flyet til Colombia for å representere det norske flagget under U18-VM. Dette er naturlegvis sesongens store mål.

Dersom ho held seg skadefri.

– Eg tok kravet som 15-åring, og sidan har eg utvikla mykje større fart, eg er sterkare og hekkteknikken sitter. Eg håpar å gjere det bra, og kanskje klare ein finale også, smiler ho.