Vart vitne til uforklarleg naturfenomen

– Vatnet gjekk alvorleg fort. Det var omtrent som det kokte inne i vika, fortel John Øvrebø om naturfenomenet han – og fleire med han – vart vitne til laurdag kveld.

Uforklarlig naturfenomen flere steder langs kysten

SJÅ VIDEO: Kurt Ask hadde nett lagt til kai då dei vart merksame på den uvanlege straumen i Tansøysundet i Flora. – Det var sikkert ein halvmeter skilnad i vassnivået frå utsida, til innsida av moloen då det stod på, fortel han. (FOTO: KURT ASK)

Natt til laurdag fekk både småbåthamna og båtar skader då veldige vassmengder velta inn i småbåthamna. Men også fleire stader i fylket har folk merka unormale forhold siste døgnet.

Kurt Ask
Foto: Privatfoto

Kurt Ask frå Florø deltok i ein båtkonvoi til Askrova, der han vart vitne til det heile i Tansøysundet. Dei måtte til med ekstra fortøyningar på båtane.

– Vi hadde ligge til kai ein time då vi vart merksame på straumen. Den var utruleg sterk. Etter ti minuttar snudde den, og kom andre vegen for fullt. Slik veksla det heile laurdagen, fortel han.

Fjorden var som ei elv

For sjølv om Svesundet i Bygstad låg blikstille laurdag kveld, gjekk vasstanden opp og ned.

Til Firda fortel John Øvrebø at han først reagerte på ein uforklarleg lyd i huset i 21-tida. Rundt midnatt høyrde han meir lyd, då frå fjorden. Då gjekk han ned til fjorden.

Svesundet i Bygstad

SVESUNDET: – Det laga ein veldig lyd, fortel John Øvrebø om

Foto: John Øvrebø

– Det var som å sjå Gaula flaumstor, men i staden for at vatnet rende ut fjorden, så kom det inn fjorden. Og det laga veldig med lyd, seier han til NRK.

– To til tre meter skilnad

Øvrebø meiner straumforholda var unormalt sterke i heile går, men at det toppa seg om kvelden.

Sjølv var han så fascinert av synet, at han vart ståande å sjå på fenomenet i nær to timar.

FLEIRE STADER: Naturfenomenet vart lagt merke til fleire stader i Sogn og Fjordane laurdag ettermiddag og kveld.

– Det var mellom to og tre meter skilnad på flo og fjære. Eg har sett større flo, men aldri sett større fjære, seier han.

– Eg tenkte først at det måtte ha gått eit undersjøisk ras eller eit jordskjelv. Når eg ser at det same skjedde i Førdefjorden, så kan eg ikkje skjøne anna enn at det må ha vore eit ras, legg Øvrebø til.

Fekk ikkje leggje til

Svesundet i Bygstad

SVESUNDET: Slik såg det ut då vatnet trekte seg attende.

Foto: John Øvrebø

Dei same tankane gjorde også Bjarte Roska seg då han såg det same fenomenet ved Flokenes i Askvoll.

Sjølv var han på veg i båt tilbake frå fiske i 2030-tida, då han opplevde store endringar på kort tid i vasstanden.

– Vasstanden gjekk opp og ned rimeleg raskt, heile tida. Det var slik at eg ikkje såg eit skjær i det heile på veg inn, men minuttar seinare såg eg ein meter av det. Vågen vår er stille og roleg, men det var som om det var elv inn og ut, seier han og legg til.

– Det var dei som hadde problem med å legge til kaien på grunn av straumen, legg han til.

– Utrulege krefter

– Det var snodig alt i hope, og i alle fall utrulege krefter i sving, seier Roska.

Roger Nervik

FASCINERANDE: Roger Nervik har aldri opplevd liknande, som det han opplevde laurdag kveld i fjæra i Nærvika.

Foto: Privat

Roger Nervik, som bur nær fjæra i Nærvika i Askvoll, er samd. I 20.30-tida reagerte både han og grillgjestene på at fjæra, som skulle vore tom for vatn, var full av vatn.

Samstundes låg fjorden blikstille.

– I løpet av 2,5 til tre minuttar gjekk det frå full fjære, til flo og så tilbake til full fjære att. Slik heldt det på. Etter måla steig det mellom 60 og 70 centimeter i løpet av dei få minutta. Det var eit fascinerande syn, seier han.

– Eg var oppe att i 06-tida i dag tidleg. Då heldt det framleis på, men det var ikkje i nærleiken så mykje som i går kveld, legg Nervik til.

NVE vart varsla

Skade på båt

SKADE: Ein båt fekk skade då veldige vassmassar strøymde inn i båthamna i Førde.

Foto: Politiet

Nervik trur han det må vere tale om sfærisk trykk. Han er tvilsam til at ein tsunami ville halde på i timevis, slik som den laurdag kveld.

NVE vart tidleg varsla om hendinga, men har inga forklaring på det som skjedde.

– Fleire stader er råka, så det ser ut som om det kan vere noko som har skjedd i havet. Vi har ingen unormal aktivitet i elva Jølstra som kan knytast til dette, seier fungerande regionsjef i NVE, Siss-May Edvardsen.

Kan det vere jordskjelv?

Båthamn Førde

FOSSAR INN: Dette biletet tok politiet i båthamna i Førde natt til søndag.

Det er heller ikkje registrert noko jordskjelvaktivitet laurdag, men 28. juni vart det registrert eit jordskjelv på 3,0 på richters skala. Om dette kan ha noko samanheng er uvisst.

Statsmeteorolog Frode Hassel har heller ikkje noko godt svar på kva skapte rørslene i sjøen.

Til Firda dreg han parallell til dei veldig bølgjene som vart observert i Sogn i mars 2011. Det viste seg å vere ein mini-tsunami etter jordskjelvet i Japan.

– Fenomenet i Sogn for åtte år sidan kallar ein for seicher, men om det er dette som har skjedd no, er rein spekulasjon, seier han til avisa.

NRK har også snakka med ein seismolog som meiner det høyrest usannsynleg ut at eit slikt jordskjelv i Nordsjøen kan ha ført til ein slik tsunami.

Fekk garn att i ein ball

Freddy Ulltang, som bur på Ulltang ved Førdefjorden, seier at uansett kva det var, så var det ikkje berre på overflata at straumane var sterke. Han la merke til dei då han i 15-tida laurdag sette opp nye feste til båten.

– Mønsteret i sjøen var rart, og eg har aldri sett sterke straumar, seier han.

– Straumane var ikkje berre kraftige i overflata, men også på botnen. Botngarna til far min kom att som ein knute med plast, tang og alt som driver rundt på botnen, legg han til.