Hopp til innhold

«Vi såg berre ein stor flamme. Det var forferdeleg»

LEIKANGER (NRK): Medan naboen dundra på døra for å varsle om at huset hans stod i brann, stod dottera til Anita Instefjord i soveromsglaset og såg på dei enorme flammane.

Anita Instefjord er nabo til Nagelhuset på Njøs

SKUMMEL OPPLEVING: Anita Instefjord og familien er næraste nabo til Nagelhuset på Njøs som i natt vart totalskadd i brann.

Foto: Kaia Viki Johnsen / NRK

– Dette var ei skremmande oppleving for oss alle, men spesielt for Guro (10), seier Anita Instefjord som er næraste nabo til Nagelhuset på Njøs.

Frå altanen på huset sitt ser Instefjord rett bort på den utbrente gavlveggen på det verneverdige huset på Hermansverk. Flammane har slukt alt, og berre to piper står att.

Då firebarnsmora og mannen vart vekte like før klokka 04 i natt frykta dei at brannen skulle spreie seg til deira hus. Brannvesenet som kom først til staden fortalde om eit gnistregn som stod fleire hundre meter innover mot sentrum i den kraftige vinden.

– Vi har mykje å vere takknemlege for i dag, seier Instefjord.

Hamra på døra midt på natta

Instefjord og mannen vart vekte av at nokon hamra på døra og vindauga, og ringde på døra like før klokka 04. Utanfor stod den næraste naboen, som fortalde at huset hans stod i brann og at dei måtte hjelpe med å få varsla brannvesenet.

– Han sa vi måtte komme oss ut fordi det brann, og at vi måtte ringe til brannvesenet fordi han sjølv hadde mista telefonen.

Utanfor var det eit forferdeleg bråk, mørkt og røykfylt.

– Vi såg berre ein stor flamme. Det var forferdeleg ...

Instefjord fekk varsla brannvesenet, før ho vekte dei fire barna på 2, 4 9 og 10 år. Eldstedottera har soverom i andre etasje med utsikt mot nabohuset, og hadde vakna av bråk. Ho stod i vindauget og såg på brannen då Instefjord kom opp.

– Eg har aldri sett barna kome seg så raskt i kleda ... Vi fekk kontroll på at naboen hadde det bra, før vi køyrde barna bort til foreldra mine. Så reiste vi tilbake for å varsle dei andre naboane.

Brann på Nagelhuset på Njøs

FULL FYR: Då naudetatane kom fram stod huset i full fyr.

Foto: Politiet

Var allereie tapt

Då brannvesenet kom fram etter kort tid, var nabohuset overtent. I den kraftige vinden og bitande kulda hadde brannfolka ei tid vanskeleg med å få kontroll på brannen.

– Huset var i utgangspunktet tapt før vi kom skikkeleg i gong med sløkking, fortalde sjef i Sogn brann og redning, Vidar Trettenes, i morgontimane.

Dei andre naboane vart varsla om å gjere seg klare til å reise om brannen utarta seg. Etter kvart som brannvesenet fekk kontroll, vart faren for spreiing avklara.

Glad ingen vart skadde

Instefjord har ilt av naboen som no har mista alt.

– Vi tenker mykje på han. Han har mista alt han hadde, og alt som betyr noko. Men det viktigaste er at det gjekk bra med alle.

– Vi har gode naboar som vekker oss sjølv om vi søv tungt midt på natta, vi har eit brannmannskap som kjem raskt på plass, får kontroll og sikrar både folk og hus. Det var skummelt og skremmande, men vi kan ikkje anna enn å vere takknemlege.

Nagelhuset på Njøs totalskadd i brann

LITE SOM STÅR ATT: Nagelhuset på Njøs har sidan tidleg på 1990-talet stått på Leikanger kommune si liste over verneverdige bygg. I natt vart

Foto: Kaia Viki Johnsen / NRK
Nagelhuset på Hermansverk har brunne ned til grunnen

BERGA SEG UT: Ein mann som var i huset då det byrja å brenne, berga seg ut like før klokka 04 i natt. Slik såg huset ut litt etter klokka 07, då brannvesenet tok til på ettersløkking.

Foto: Kaia Viki Johnsen / NRK