Hopp til innhold

Vart terga for å heade som ei skjelpadde...

SOGNDAL – BÆRUM 3–1 (NRK): Robin Shroot hadde aldri scora eit teljande mål med hovudet før. Men mot Bærum gav han Sogndal ein pangstart med pannebrasken.

Robin Shroot jublar for Sogndal-scoring

JUBEL: Robin Shroot slepper jubelen laus etter sitt første seriemål for Sogndal. Det kom attpåtil med hovudet, noko han aldri har klart før...

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Eg har fått mykje «pepar» frå trenarane for at eg headar som ein skjelpadde. Du veit, skjelpaddene trekkjer hovudet inn i skalet når dei blir redde, humrar Shroot.

– Men no lukka eg auga, ballen trefte meg – og den gjekk inn, ler han.

Situasjonen han snakkar om er det som skjedde då Sogndal fekk årets første mål. På heimebane var det svært viktig at storfavorittane fekk hol på byllen så tidleg som mogleg.

Og etter 33 minutts spel var Shroot på plass. Eit knallhardt skot frå Victor Grodås kom i retur frå keeper, og der stod den engelske spissen på rett stad til rett tid.

– Klart det er viktig at eg scorar mål. Eg vil ta ansvar på bana og lage sjansar og score, seier Shroot.

Shroot scorer sitt første Sogndal-mål

STANGAR INN: Her stangar Robin Shroot inn det viktige førstemålet for Sogndal etter retur frå keeper.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Fantastisk brasse av Flo – kanon frå Opseth

Sogndal starta seriepremieren mot Bærum svært nølande og forsiktig. Men etter at dei verste nervane hadde lagt seg, var det mogleg å sjå konturane av eit nytt, offensivt og spelande regime på Fosshaugane.

For sjølv om bortelaget yppa seg innimellom, var det aldri tvil om kor sigeren ville hamne til slutt. To nye mål av Ulrik Flo og Christophe Psyche etter pausen sikra ein fullt fortent heimesiger med 3–1.

Det første var ei praktscoring av eit brassespark, det andre kom på retur etter ein kanon av eit frispark frå Kristian Fardal Opseth.

– Det var ein morosam kamp, med to lag som ville spele fotball. Og det var kjekt å sjå oss angripe, score og skape mange sjansar. Ikkje minst ettersom det var den første seriekampen, seier Shroot.

Sogndals Victor Grodås etter kampen mot Bærum

BANAS BESTE: Victor Grodås vart av ein jury på Fosshaugane kåra til Sogndals beste spelar i sin første seriekamp for klubben. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Svært viktig siger, meiner trenaren

Spissen meiner Sogndal viste gode teikn til å vere så tidleg i sesongen – eit halvt år etter at hausten enda med gedigen nedtur og nedrykk på Fosshaugane.

Det meiner også trenar Eirik Bakke, som veit kor viktig det var å få ein god start.

– Spelarane har godt av å komme godt i gang. Vi har starta på noko nytt, og då er det viktig med tre poeng her, seier han.

– Vi starta nervøst, men kom etter kvart inn i måten eg vil vi skal spele fotball på.

Sogndal-trenar Eirik Bakke etter kampen mot Bærum

SER FRAMOVER: Sjå videointervju med Eirik Bakke etter sigeren i seriepremieren.

Skal innføre vinnarmentaliteten igjen

Bakke er spesielt godt nøgd med at Grodås og Skaasheim på backane stod fram og tok tak i det offensive. Men han er oppteken av at Sogndal har mykje å gå på, og at dei har mykje å jobbe med også framover.

– Skilnaden på siger og tap er stor i ein kamp som dette...?

– Det er alltid bra å starte med ein siger. Det gir optimisme for alle som jobbar i klubben, både på marknad og sport. Vi hadde ein tøff haust i fjor, og no må vi få inn vinnarmentaliteten igjen. Så skal eg klare å nullstille desse gutane til neste helg, seier Bakke.

PS: Kaptein Rune Bolseth rusla av bana med ein skade tidleg i første omgang. Ifølgje trenaren fekk midtbanespelaren eit spark i kneet, og Bolseth er truleg snart tilbake i aksjon igjen.