Hopp til innhold

Vart provosert over nynorsk kutt - vil løyve millonar til nynorsktiltak

Onsdag kjem Arbeidarpartiet med sitt framlegg til alternativt statsbudsjett. Dersom det hadde blitt vedteke i Stortinget kunne fleire nynorsktiltak gledd seg over meir pengar.

Ingrid Heggø

VIKTIG: – Arbeidarpartiet meiner nynorsk er viktig, seier Ingri Heggø. Partiet kjem i sitt alternative statsbudsjett med pengar til fleire nynorsktiltak.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg vart provosert då så å seie alt som gjeld nynorsk var fjerna frå regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Då er det ekstra kjekt å kunne legge fram ein slik pakke, seier stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, Ingri Heggø.

For dersom dei hadde styrt landet, så ville dei løyvd meir pengar til fleire nynorsktiltak. Landssamanslutninga for nynorskkommunar, LNK, ville fått ei løyving på 1,6 millionar, og støtta til Det Norske Teatret ville blitt jamstilt med løyvingane Nasjonalteateret får. Det hadde betydd ein auke på 2,5 millionar kroner for teateret som set opp førestillingar på nynorsk.

Ville ha redda Nynorsk avissenter

I tillegg går partiet i sitt alternative budsjett inn for å auke løyvingane til pressestøtta.

– Den største potten går til pressestøtta, med 55 millionar kroner. Det kjem mange nynorskaviser til gode, seier Heggø.

Den relativt nyetablerte satsinga Nynorsk Avissenter ville også vore sikra vidare drift dersom Arbeidarpartiet hadde bestemt over pengesekken i landet. I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett står dei utan løyvingar, medan Arbeidarpartiet ynskjer å gje dei 2,2 millionar kroner.

Regjeringa sit no i forhandlingar med Venstre og Kristeleg Folkeparti for å få lagt fram og vedteke eit endeleg budsjett. Dei to samarbeidspartia har på fylkesplan signalisert at dei vil jobbe for å halde på støtta til mellom anna Nynorsk Avissenter. Men korleis pengane blir endeleg fordelt er framleis uklart.

Trur på løyvingar til fylket

– Vi meiner nynorsk er viktig. Jonas Gahr Støre er også klar på at alt vi har i forslag til budsjett skal vi kunne regjere på i morgon, dersom det skjer noko som gjer at vi tek over, fortel Heggø.

Arbeidarpartiet sitt fullstendige forslag til budsjett blir lagt fram onsdag, og Heggø er trygg på at det også vil romme fleire forslag som ville ha kome Sogn og Fjordane til gode.

– Regionale utviklingsmidlar er inne, det same er tapskompensasjonsordninga til fylkeskommunar. Forslaget blir klubba i løpet av kvelden, no veit eg lite om alt det inneheld. Vi får sjå kva som kjem til fylket, seier Heggø.