Hopp til innhold

Vart positivt overraska over halvering av saft-avgift

Regjeringa sitt forslag om å halvere avgifta på saft og sirup, som ikkje er tilsett sukker, betyr tre millionar kroner mindre i avgifter for Lerum-konsernet.

Trine Lerum Hjellhaug

BETRAR KONKURRANSEKRAFTA: Administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, er glad for framlegget om å fjerne produktavgifta på saft utan tilsett sukker.

Foto: Anne Lise Urdal

– Dette kom heilt overraskande. Vi hadde ikkje venta noko om dette i framlegget til statsbudsjett i dag, så dette var gledeleg, seier administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug.

Regjeringa føreslår å halvere avgifta på alkoholfri saft og sirup, basert på frukt, bær og grønsaker, som ikkje er tilsett sukker.

Har jobba lenge for å få fjerna produktavgifta

Sjølv om dette til no utgjer ein liten del av produksjonen til Lerum, vil ei halvering av avgifta merkast godt.

– Dette er eit positivt forslag for oss. Vi har jobba lenge for å få vekk denne produktavgifta for all saft. Framlegget no handlar om at saft utan tilsett sukker får halvert avgifta, og det betyr ei lita avgiftslette for oss, seier Hjellhaug.

Årleg betalar Lerum 40 millionar kroner i produktavgift på saft og sirup med tilsett sukker.

– Ut frå det vi har rekna ut til no, får vi ei auka konkurransekraft på vel tre millionar kroner med ei mindre avgift på dette produktet, seier Hjellhaug, som seier dette er viktig.

Oppmuntrar til å utvikle fleire produkt

– Det er eit steg i rett retning. Og det er også eit incentiv for oss til å utvikle endå fleire produkt i den gata, seier Hjellhaug.

Per i dag har Lerum éin produktserie som kan få halvert avgifta, Lerum utan sukker, som har 97 prosent råsaft i seg.

– Vi er nøgde med det regjeringa har lagt fram i dag, og så håpar vi at vi kan halde fram med å halde trykket oppe på den argumentasjonen som er viktigast for oss. Det er at vi lagar produkt som har mykje frukt og bær i seg, og som vi meiner er bra for folk å drikke, seier Hjellhaug.

Er vanskelegare å redusere ei avgift enn å auke

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) meiner regjeringa med forslaget sitt har teke grep.

– Det betyr at det vert lågare kostnadar, til dømes for Lerum. Det gir auka konkurransekraft, noko som igjen er med på å trygge arbeidsplassar og sikrar utvikling, seier Lødemel.

Han seier at det har vore jobba med saka tilbake til 2009.

– Dette syner at regjeringa leverer, seier Lødemel.

– Men kvifor har det teke så lang tid?

– Det er mykje vanskelegare å få redusert avgifter enn å auke dei, seier Lødemel.