Hopp til innhold

Oda trudde ho skulle på ei heilt vanleg treningsøkt, så dukka ordføraren opp

På knappe året har Oda Helene Sunde Svendsen teke store steg – eller skal vi heller seie store løft – som vektløftar.

Pris

IKKJE TUNGT LØFT, MEN STOR VERDI: Diplom og sjekk var lettare enn kva Oda Helen Sunde Svendsen vanlegvis løftar. Her med Jølster-ordførar Oddmund Klakegg som delte ut prisen.

Foto: ODDLEIF LØSET / NRK

Med treningsklede og strikk i håret var Oda Helen Sunde Svendsen klar for nok ein ettermiddag med tunge løft, men så dukka Jølster-ordføraren opp. Han kom for å overrekke vektløftaren frå Jølster med Ungdomens kulturpris for 2016.

– Dette er veldig kjekt, seier Sunde Svendsen.

Den råsterke jenta smilte breitt då ordførar Oddmund Klakegg leste grunngjevinga, men heilt overraska var ho likevel ikkje.

– Eg likar ikkje overraskingar, så eg fekk vite om det frå trenar Eval Sandvik på førehand, men ikkje kva tid dette skulle skje, ler ho.

I helga sette Sunde Svendsen personleg rekord med 52 kilo i rykk og 69 kilo i støt då ho vart nummer tre i junior-NM. Med det var ho berre fire poeng, eller fem kilo totalt, frå å kvalifisere seg til sesongens store mål: Nordisk meisterskap.

– Ho er eit førebilete for all ungdom

I november vart Oda Helene Sunde Svendsen frå den nyskipa vektløftargruppa i Jølster som tok NM-gull som ungdomsløftar. Legg ein til Vestlandsmeisterskapen i januar, kan ein trygt tale om bratt lærekurve.

– Ho er eit førebilete for all ungdom i Jølster, spesielt for unge jenter i ein relativt ny idrett i Jølster, og bidreg med sitt engasjement i vektløftarmiljøet på ein god måte, seier ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

Ordføraren framheva den unge jølstringen sine sunne verdiar og haldningar i idrettsmiljøet då han overraska 17-åringen med stipendet på 5.000 kroner etter treningsøkta onsdag.

– Det er gledeleg for Jølster kommune å kunne heidre denne innsatsen med årets ungdomsstipend, seier ordføraren.

Løftar tungt etter berre eitt år

For berre eitt år sidan starta Sunde Svendsen med vektløfting. Jølstringen gjorde det godt i alpint, men mista motivasjonen

– Eg måtte ofre alt for den idretten, så eg slutta. I vektløfting får eg tid til andre ting enn å berre trene, noko eg ikkje fekk tid til tidlegare, seier ho.

Vektløftar Sindre Rørstadbotnen er imponert over den unge vektløftaren. Han hjelper til med treningsopplegget til 17-åringen.

Sindre Rørstadbotnen under EM

IMPONERT: Sindre Rørstadbotnen har sjølv deltek i fleire store meisterskap og vil no hjelpe Oda Helen Sunde Svendsen fram som vekløftar. - Eg håpar å lære ho å unngå feila eg gjorde sjølv som ung, seier han.

Foto: Trygve Duun / Norges Vektløfterforbund

– Ho er eit kjempetalent som har mykje godt i vente. På kort tid har ho fått til mykje bra.

Rørstadbotnen samanliknar Sunde Svendsen med den norske vektløftaren Kasirye, som har fleire norske rekordar.

– Eg er ikkje i tvil om at ho kan bli den nye Ruth Kasirye.