NRK Meny
Normal

Vart orienterte om Nødseth-avtalen

I går fekk politikarane i Flora innsyn i arbeidsavtalen til oppsagde Jacob Nødseth. Ordføraren var spurd om han ville orientere om saka, men Bengt Solheim-Olsen (H) møtte ikkje opp.

STRID: Jacob Nødseth (H) og ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap)

FEKK INNSYN: Bente Frøyen Steindal (t.h.) og resten av politikarane i Flora fekk innsyn i arbeidsavtalen til Jacob Nødseth (t.v.) i går, men var framleis ikkje nøgde.

Foto: Simon Solheim / NRK

Gruppeleiar i Flora Ap, Bente Frøyen Steindal, var ikkje nøgd, sjølv om dei fekk sjå avtalen i går.

Jacob Nødseth (H) vart tilsett som politisk rådgjevar for ordførar Bengt Solheim-Olsen, men fekk sparken i september. Både tilsetjinga og oppseiinga har vore omstridd.

– Spesiell lesing

Frøyen Steindal har i lang tid etterlyst både avtalen om tilsetjing – og avtalen som løyste omstridde Jacob Nøseth frå si stilling som politisk rådgjevar for Flora-ordføraren. På møte i administrasjonsutvalet i går la kommuneadministrasjonen fram papira.

– Me fekk utlevert kopiar av to avtalar. Dei vart tekne inn att før møtet var slutt.

– Kva tenkjer du om det du har lest i avtalen?

– Eg tykkjer det er spesielt, men eg vil ikkje gå i detalj.

– Uryddig

Det var etter valet i fjor at Nødseth vart tilsett som rådgjevar. Men opposisjonspartia har korkje fått innsyn arbeids- eller sluttavtalen – før dei las om det i lokalavisene.

– Det er veldig uryddig, når det første eg ser er at Firdaposten viser til dette dokumentet i ei sak. Her meiner eg at det er under ein kvar kritikk.

– Bør ein sjå på rutinane?

– Ja, det bør ein. Eg meiner det bør vera meir opne prosessar på det som har skjedd no, me har berre høyrt alt via media.

Forutan å få innsyn i avtalane knytt til Nødseth si tilsetjing, hadde Flora Ap oppmoda ordførar Bengt Solheim-Olsen om å stille på utvalsmøte for å orientere om saka.

Ordførar Bengt-Solheim Olsen ønskjer over NRK ikkje å kommentere saka, og viser til at dette handlar om eit arbeidsforhold.