Hopp til innhold

Vart lova galleri for over 20 år sidan, vurderer å ta med seg kunsten sin

Sidan femtiårsdagen sin har Oddvar Torsheim vore førespegla eit permanent utstillingslokale i Førde. No er kunstnaren godt over 70 – og ingenting har skjedd.

Oddvar Torsheim

LEI AV Å VENTE: Oddvar Torsheim vil vurdere tilbod frå andre byar, om han ikkje får til eit utstillingslokale i Førde.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– I desember vert eg 74, så no tek det av fleire årsaker til å haste, seier Oddvar Torsheim til Firda.

Han har gjort seg kjent som multikunstnar, og dei fleste i Sogn og Fjordane har eitt eller anna forhold til den kjende streken til Torsheim.

Byrjar å bli lei av å vente

Torsheim har teke vare på måleri, litografi, teikningar og mangt anna frå eit langt kunstnarliv, og meininga var at kunsten hans skulle få ein permanent plass i Førde.

Men no er han etter kvart byrja å bli lei av å vente.

– Dei snakkar stadig om eit lager, men det er ikkje det eg vil ha. Bilete skal sjåast, ikkje arkiverast, seier Torsheim til Firda.

Vil ikkje ha Torsheim i kunstmuseet

Han har fått tilbod om eit såkalla deponi, men det er han ikkje interessert i. Får han ikkje til eit galleri i Førde, vurderer han å ta med seg kunsten til ein annan stad.

Ifølgje Firda jobbar både Førde kommune og Sogn og Fjordane kunstmuseum med å skaffe multikunstnaren eit deponi.

– Eit permanent utstillingslokale dedikert til Torsheim som del av det nye kunstmuseet er uråd for oss å få til, fordi vi er eit offentleg kunstmuseum som skal vise dei generelle utviklingstrekka, ikkje berre éin spesifikk kunstnar, seier Morten Johan Svendsen til avisa.