Hopp til innhold

Vart køyrd ned av bil under sykkelritt – fekk brot i ryggen

– Me var særs heldige med utfallet. Det kunne gått skikkeleg gale, seier syklist Kurt Norheim.

NÆRE PÅ: Kurt Norheim hadde englevakt då han kolliderte med ein bil under eit sykkelritt førre helg

NÆRE PÅ: Kurt Norheim hamna i ein kollisjon under eit sykkelritt førre helg.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Nordheim og to andre syklistar hamna i grøfta etter eit samanstøyt med ein bil som dreiv med forbikøyring.

Laurdag føremiddag gjekk det uoffisielle sykkelrittet «Lusterfjorden rundt» av stabelen. Amatørrittet vart i år arrangert for 18. gong og tok ei dramatisk vending då ein bil kom susande mot ein pulje med syklistar. Bilen heldt på å køyre forbi fleire bilar på eit langt strekke.

Fleire av syklistane vart sende til legevakta, men kom unna med lettare skadar.

Ein av dei som vart råka av ulukka var Kurt Nordheim. Han fekk eit brot i ryggen, og opplevde hendinga som særs dramatisk.

– Det var som om alt skjedde i sakte film. Eg høyrde eit smell, og så såg eg bilen som kom skrensande inn i vegbana før den fremste av oss i feltet vart treft, og då gjekk det gale med oss òg.

Syklisten meiner det berre er flaks som gjer at skadeomfanget vart som det vart.

– Hadde bilen fortsett mot oss då han kom skrensande inn i vegbana, så kan ein jo berre sjå for seg skadeomfanget. Me hadde rett og slett griseflaks.

SYNLEGE SPOR: Spor i vegen etter bilen som bremsa på veg ut av vegbana

SYNLEGE SPOR: Vegen er tydeleg merka etter bilen som bremsa på veg ut av vegbana

Foto: PRIVAT

– Veldig leit

Sjåføren av bilen som var involvert i ulukka er prega av det som skjedde førre laurdag.

– Eg veit ikkje kva eg skal seie. Det er ikkje kjekt når nokon vert skada, og det er veldig leit at det skjedde.

Han forklarar at han var på veg forbi tre bilar på ei lengre strekning, då den fremste bilen svinga ut i vegbana for å køyre forbi syklistane, utan å sjå at han kom bak i spegelen.

Hendinga er no under etterforsking hjå politiet.

– Det er ein ganske kjip situasjon, seier føraren.

Ynskjer betre tilrettelegging for syklistar på vegen

Fagsjef for Syklistenes Landsforening, Mats Larsen, seier bilistar flest er flinke til å ta omsyn i trafikken. Likevel er det eit problem at mange syklistar kjenner seg utrygge på norske vegar.

Mats Larsen

TRENG EIT SYKKELVEGNETT: Mats Larsen meiner det må leggast meir til rette for syklistar på norske vegar.

Foto: Kjartan Rørslett / nrk

– Samhandlinga mellom bilistar og syklistar er som regel bra, men så finst det nokon som er uansvarlege og øydelegg for andre. I det store og det heile treng me betre tilrettelegging for å trygge syklistar i trafikken. Det er mellom anna behov for eit samanhengande sykkelvegnett, seier Larsen.

Oppmodar til varsemd

Paal Gunnar Mathisen i Trygg Trafikk meiner syklistar har ein større risiko enn mange i trafikken.

Paal-Gunnar Mathisen, Trygg trafikk

TA OMSYN: Paal Gunnar Mathisen meiner det er særs viktig å ta omsyn til mjuke trafikantar.

Foto: Trygg trafikk

– Ingen trafikantar har rett til å redusere sikkerheitsmarginen til andre, og for sårbare trafikantar som syklistar, så er det ingen tvil om kven det går utover.

Ifølgje Mathisen døyr om lag 10 syklistar i året. Dette meiner han er for mykje.

– Det er viktig at bilistane forstår syklistar sin sårbarheit, og visar tolmod. Det er alltid syklistane som tapar skulle det skje noko.