Hopp til innhold

Oppdaga svindel etter fire år – no står tre menn tiltalt for storstila fakturasvindel

Fire år etter at rekninga på 2.300 kroner var betalt, fann Sogn og Fjordane fylkeskommune ut at dei var svindla av det politiet meiner er tre storsvindlarar frå Austlandet.

Fylkeshuset Sogn og Fjordane

SVINDLA: Fylkeskommunen er ein av fleire aktørar i fylket som lét seg lure av mennene meiner dreiv systematisk fakturasvindel.

Foto: Arild Nybø / NRK

– Det var eit lite beløp for oss, men det er viktig at rettsvesenet stoggar slike selskap, seier seniorrådgjevar Nils Geir Myrkaskog.

Men det er mange små beløp i rettssaka som tysdag startar mot tre menn tiltalt for det politiet meiner er kynisk svindel og svindelforsøk.

Kring 450 saker er samla under tiltalen, og politiet meiner mennene har svindla til seg fleire millionar frå små og mellomstore verksemder frå heile Norge.

– Kvar for seg er det vanskeleg å føre bevis for om sakene er straffesak, så vi har samla og sett dei i samanheng. Det har teke tid og vore ei krevjande etterforsking, seier politiadvokat Kristin Rusdal ved Oslo politidistrikt.

Millionbeløp

Politiet meiner at mennene frå 2007 til 2010 svindla til seg over 900.000 kroner. Faktura på over 400.000 kroner vart ikkje betalt. I tillegg meiner politiet at mennene disponerte 4,5 millionar kroner på to bedriftskontoar, som kom frå liknande svindel.

Kristin Rusdal

AKTOR: Kristin Rusdal skal føre saka mot dei tre svindeltiltalte mennene.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

Fakturabeløpa varierer frå ein tusenlapp til 100 000 kroner.

Ballen byrja for alvor å rulle i 2011 då dei to selskapa gjekk konkurs, og bustyrar fatta mistanke.

– Bustyrar leverte ein samla anmeldelse til politiet, men ein del småverksemder gjekk også til sitt lokale lensmannskontor, seier Rusdal.

– Skal ikkje skje

Det var også i denne samband at Sogn og Fjordane fylkeskommune vart merksame på at dei var mellom dei råka. Ein vidaregåande skule i fylket hadde betalt fakturaen på 2300 kroner.

Martin Hay

ERKJENNER: Martin Hay representerer den tiltalte mannen som erkjenner straffskuld.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

– Det skal i utgangspunktet ikkje skje med dei rutinar vi har, men no får vi relativt mange faktura på eit år så ting kan gå gale, seier Myrkaskog.

To måtar

Mennene har stått bak to selskap som har sendt ut ei lang rekkje faktura. Det eine selskapet har mellom anna opplyst å jobbe på oppdrag for «Ditt Distrikt».

Politiadvokat Rusdal meiner mennene har gått fram på to ulike måtar.

Johansen

NEKTAR: Advokat Espen Johansen sin klient nektar straffskuld etter tiltalen.

Foto: NRK

– Den eine der kundar som har gjort avtalar om kjøp, men ikkje fått produktet eller trudd at dei har gjort avtale med andre. Så er det ei rekkje som har meldt at dei har fått faktura utan å ha vore i kontakt med dei, aldri bestilt noko vare og heller aldri fått noko vare, seier ho.

Risikerer fengsel i seks år

– Uoverenstemmelse mellom kjøpar og seljar treng vel ikkje vere straffbart?

– Nokre av sakene er tidlegare lagt vekk på grunn av det, men her er det eit slikt omfang med heilt parallelle historier. Når politiet har etterforska meiner vi å kunne føre bevis på at tiltalte systematisk har hatt til hensikt å lure dei som dei selde varer til, seier Rustad.

Dersom funnen skuldig i grovt bedrageri risikerer mennene fengsel i seks år.

Nektar straffskuld

Forsvarer Fredrik Schøne Brodwall

INGEN KOMMENTAR: Fredrik Schøne Brodwall vil ikkje kommentere saka.

Foto: Joar Elgåen / NRK

Advokat Fredrik Brodwall representerer mannen som politiet meiner er hovudpersonen. Han vil ikkje kommentere saka. Martin Hay sin klient erkjenner straffskuld for tiltalepostane han må svare på.

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld etter tiltalen og vil utdjupe det under hovudforhandlinga, seier advokat Espen Henrik Johansen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke lærdom av svindelen.

– Vi er meir observante. Spesielt når det nærmar seg sommarsesongen, som er høgtid for slike selskap. Når vi oppdagar at slike faktura er i omløp, så varslar vi internt om at dei må vere på vakt, seier Myrkaskog.