Vart kjent som den store kritikaren av Osloskulen – meiner alt er betre på bygda

BREMANGER (NRK): – Skulen på bygda er betre enn i byen. Her blir ungane sett. Det er inntrykket Simon Malkenes har etter å ha flytta frå Oslo til Bremanger.

Simon Malkenes

LIKAR SEG: Simon Malkenes seier han har det bra som lærar i Bremanger.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

I fleire år har Simon Malkenes skrive bøker og aviskronikkar om kor ille det står til på skular i Oslo. No stortrivst han som lærar på ein liten grendeskule på bygda.

– Det er mykje som er annleis her. Det er mindre klassar og mindre fokus på konkurranse mellom elevane, seier Malkenes.

Han har byrja å jobbe som lærar på Hauge skule i Bremanger i Sunnfjord. Malkenes meiner at skulen her har mange kvalitetar som han sakna dei 17 åra han jobba som lærar i Oslo.

Fekk kritikk

I vår vart han kjent etter at han brukte forbokstavane til elevane sine då han skildra den kaotiske skulekvardagen på Ulsrud vidaregåande skule.

Malkenes fekk kritikk for å krenke personvernet til elevane sine, og nokre av dei skreiv ein kronikk i Aftenposten. Utdanningsdirektør i Oslo Astrid Søgnen har fått beskjed om at ho må gå av. Denne veka kom Malkenes ut med ei bok der han fortel si versjon av historia.

– I Oslo er heile skulen bygd rundt konkurranse. Det er konkurranse mellom elevane og konkurranse mellom skulane. Det gjer at dei ungane som ikkje vinn fram i konkurransen, dei får ein negativ skulekvardag.

Og i Bremanger det ikkje konkurranse?

– Det er i alle fall mykje mindre av det, seier Malkenes.

Simon Malkenes

DET GODE LIV: Endå angrar ikkje Simon Malkenes på at han flytta til Bremanger.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Den beste skulen i landet

Stortingsrepresentant for Høgre. Mathilde Tybring-Gjedde. er ikkje einig med Malkenes i at Osloskulen er for oppteken av konkurranse.

– Eg tykkjer Malkenes er for enkel i argumentasjonen sin. Oslo gjer det best på dei nasjonale prøvene. Undersøkingar frå SSB syner også at skulane i Oslo er best på å løfte opp dei elevane som ikkje har ressurssterke foreldre.

Ho er samd i at konkurranse ikkje kan vere alt, men at det kan vere bra.

– Skulen skal lære elevane mykje forskjellig, men det er faktisk viktig at han lærar vekk grunnleggjande ferdigheiter som skriving, lesing og rekning. Utan dei evnene er det ikkje lett å fungere i eit demokrati og følgje draumane sine, seier Tybring-Gjedde.

Mathilde Tybring-Gjedde

DEN BESTE I LANDET: Mathilde Tybring-Gjedde meiner at Osloskulen er den beste i landet.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Flykta ikkje frå Oslo

Sjølv om det kanskje kan verke påfallande at Malkenes valde å flytte heim til Vestlandet like etter at han hadde vorte ein mykje omtalt person i media, påstår han at han ikkje flykta frå Oslo då presset vart for stort.

– Det er mange som trur det, men det var faktisk planlagt lenge før heile denne saka starta. Eg og familien har lenge prata om å prøve eit år på Vestlandet. Eg har sterk tilknyting til området.