Hopp til innhold

Radøy/Manger ekskludert for resten av sesongen

Hordaland Fotballkrets har i ettermiddag vedteke å kaste Radøy/Manger ut frå 3. divisjon fotball for menn.

Keeper på Radøy/Manger

EKSKLUDERT: Radøy/Manger har hatt ein tung sesong i 3. divisjon fotball for menn. Med ni kampar att av sesongen, er den allereie over for klubben.

Foto: Truls Kleiven

Dermed skjedde det som vikjene frykta aller mest, etter at nordhordlendingane ikkje makta å stille lag til helgas 3. divisjonskamp, og baneoping, i Årdal.

Radøy/Manger hadde berre sju spelarar tilgjengeleg til kampen.

– Det er utruleg bittert at det var akkurat denne kampen, med baneopning og slikt. Eg er forbanna, men det er fordi at spelarane ikkje kan stille på kamp og seier noko ein dag og noko anna neste dag, seier oppmann Steinar Christensen i Radøy/Manger.

Vedtak kan ankast

Dagleg leiar Knut Berge i Hordaland fotballkrets beklagar det som har oppstått, men seier dei ikkje hadde noko anna val enn å utelukke klubben frå vidare spel.

Han presiserer likevel at klubbane i 3. divisjon kan anke vedtaket og at det ikkje blir rettskraftig før ankefristen på tre dagar er ute.

– Vedtaket var ikkje vanskeleg ut frå det regelverket seier, men det var vanskeleg i den forstand at ein ikkje ynskjer at slike situasjonar skal oppstå, seier Berge.

Ingen omkamp

– Har det vore gjort forsøk frå kretsen si side på å få gjennomført kampen?

– Vi har ikkje gjort noko i høve til det, men om det er gjort forsøk klubbane imellom seint i førre veke får dei svare for.

– Hadde det ikkje vore naturleg å gjort eit forsøk for å unngå utelukking, eller ikkje det krinsen sitt arbeid?

– Det er det for så vidt ikkje. Vi føreheld oss til fakta i saka og forklaringane frå alle involverte partar, seier Berge.

Misser seks poeng

Krinsleiaren vil ikkje kommentere følgjene på anna måte at vedtaket er mest rettferdig for klubbane som kan gjennomføre sesongen som venta.

Men følgjene er mellom anna at både Voss og Vik misser sine seks poeng etter to sigrar over Radøy/Manger. Viktige poeng som kan bli avgjerande i botnstriden.

– Vi har tynn stall og mange som jobbar skift, men vi har alltid klart å stille mannskap til kampane våre. Difor var det ekstra bittert å oppleve dette til akkurat denne kampen, seier Christensen i Radøy/Manger.

Hadde ikkje flomlys

Christensen seier dei spurte Årdal FK om å få spele kampen midt i veka, noko som vart blankt avvist av årdølene.

– Vi fekk til svar at dei ikkje hadde flomlys til å gjennomføre kampen ein kveld i veka, men dei har vel flomlys på den nye kunstgrasbana, undrar Radøy/Manger-oppmannen.

– Kva betyr dette for Radøy/Manger?

– Eg håpar og trur at dette kan slå positivt ut til neste år. No trenar vi som vanleg og reknar vel med å låne ut spelarar til andre lag. Til neste år får vi opp fleire 16-åringar som vi håpar tek steget til 4. divisjon.

Geir Kjetil Øvstetun i Årdal FK seier dei ikkje har fått noko førespurnad om å spele oppgjeret som midtvekekamp. Han legg også til at dei ikkje har flomlys på grasbana som skulle opnast i helga.