NRK Meny
Normal

Laurdag legg nye 2.000 på veg mot landets mest originale hytte

– Det er noko utan sidestykke både nasjonalt og internasjonalt, seier Helene Ødven i Bergen og Hordaland Turlag om landets mest originale turisthytte.

Soloppgang på Skåla

ORIGINAL: I sommar har mange overnattande fått oppleve slike morgonstunder på Skålatårnet, landets mest originale turisthytte.

Foto: Michael Mettenes

Lesarane av nettstaden ut.no har kåra Skålatårnet til den mest originale turisthytta i landet.

I alt seks hytter var med i finalen, men tårnet 1.848 meter over havet i Loen sanka 33,4 prosent av røystene.

Helene Ødven

FASCINERT: Helene Ødven i Bergen og Hordaland Turlag er halvt nordfjording og har stor sans for Skålatårnet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Den er jo heilt fantastisk, seier Helene Ødven, dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag.

150 prosent auke

Tårnet har ei 123 år lang historie etter at distriktslege Hans Henrik Gerhard Kloumann initierte, og engasjerte heile bygda, til bygginga i 1891.

Dei siste åra har stadig fleire og fleire funne vegen opp fjellsida til hytta som no vert driven og vedlikehalden av turlaget i Hordaland. Besøkstala har auka med 150 prosent i år, og så langt har 1.200 skrive seg inn i protokollen.

– Men eg veit at det er mange, mange fleire som er der oppe utan å skrive seg inn. Dei reknar med at det kanskje er kring 10.000 allereie i år, seier Ødven.

Flott vêr

At hytta er populær er også noko Knut Tjugen ved Tjugen camping kan skrive under på. Han meiner besøkstalet overgår 10.000.

– I mange år hadde vi ein teljar under ein stein ved stien, men vanlegvis plar det vere kring 10.000 på sommaren. Hyttene kring om i landet har hatt ein auke på 20 prosent, og den auken trur eg vi kan legge til grunn også her, seier han og trur årsaka er det flotte vêret og at fleire nordmenn vel å feriere i eige land.

Knut Tjugen

PÅGANG: Knut Tjugen starta campinga saman med kona tidleg på 70-talet. 12 år med Skåla Opp har slått positivt ut i statistikken.

Foto: Silje Guddal / NRK

Tjugen seier både sunnmøringar, sunnfjordingar og nordfjordingar utgjer dei fleste besøkande.

– Vi har sett ei enorm utvikling i sommar, og det har auka noko utruleg på med nordmenn. Men det er vel eit framhald av trenden vi har sett tidlegare, seier han.

– Det var jo ein natt i sommar det var så tett her at vi skulle tru at det var Skåla Opp allereie, humrar Tjugen og legg til at det førre laurdag stod kring 120 bilar på parkeringsplassen under Skåla.

– Alle døgnets tider

– Det har jo vore så fint, at folk har gått til alle døgnets tider. Dei går opp seint på kveld, kjem opp midt på natta og reiser derifrå fordi den einaste staden dei kan ligge er i steinura, seier Tjugen.

I Bergen og Hordaland Turlag fortel Ødven at dei har registrert 40–50 overnattande i tårnet med vel 20 sengeplassar.

– I år er det spesielt sidan vi har hatt så fint vêr sidan påske. Men det ser vi også på dei andre hyttene. Vi har veldig gode tal og fantastisk deltaking på det vi har gjort, seier ho og trur mange nordmenn i større grad brukar ferien sin i den norske fjellheimen.

1.900 startande

Erik Brendefur

MOTBAKKENESTOR: Erik Brendefur har tromma saman kring 200 frivillige for å gje dei nær 2.000 påmelde ei god oppleving på veg mot Skåla.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ein stor del av æra for den veksande interessa skal også gå til motbakkeløpet Skåla Opp. Laurdag føremiddag går startskotet for 13. gong, og nye tusen av besøkande skal opp til turisthytta. Dagen før dagen er 1.900 påmelde.

Erik Brendefur fortel at nær 200 frivillige, både funksjonærar og Røde Kors, medverkar til motbakkeløpet. Mange av deltakarane vel å overnatte på campingplassen til Knut Tjugen.

– Hadde du førestilt deg eit slik omfang då Skåla Opp starta for 12 år sidan?

– Nei, vi kunne ikkje det. Men med 150 personar på fellesstarten allereie første året skjønte vi at det kunne auke utover. Likevel, at det skulle ta slik av, det hadde eg ikkje trudd.

Ligg an til rekord

Usemje med Friidrettsforbundet har prega oppkøyringa til årets arrangement, men denne har arrangøren no lagt bak seg. No trur Brendefur at det spesielt i dameklassa ligg an til ny løyperekord.

For dei siste åra er det ikkje berre tårnet sjølv, men også stien opp som er rusta opp.

– Om det ikkje blir rekord der, så veit ikkje eg. Rekorden 1.20.06 vart sett før skålastiprosjektet, og reint teoretisk skal det vere mogleg å springe to minuttar raskare, seier han og legg til at det fjorårsvinnaren og ein italiensk verdsmeister i motbakkeløp stiller på startstreken.

Vegopning på Bergum i Førde kommune