Vart kalla forrædar og bedt om å henge seg

SOGNDAL (NRK): Viktor Yttri i Lærdal Senterparti la fram eit forslag om å gje flyktningane førarkort for å bli buande i bygda. Det førte til sterke reaksjonar i sosiale media, og hets frå høgreekstreme.

Viktor Yttri

HETS: – Uakseptabelt, meiner lokalpolitikar Viktor Yttri.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det er trist at folk reagerer på denne måten, seier lokallagsleiar Viktor Yttri i Lærdal Senterparti.

For to veker sidan målbar han som lokallagsleiar eit forslag frå Lærdal Senterparti om å gje flyktningane i bygda førarkort slik at dei ikkje flyttar til storbyen.

Reaksjonane let ikkje vente på seg. Mange kommentarar i sosiale media var skarpe, men verst var kommentarane i det Yttri meiner er høgreekstreme nettstadar.

– Eg googla namnet mitt etter utspelet. Der kom eg inn på sider der eg var stempla som forrædar i kommentarfeltet. Der var det også éin som oppfordra meg til å finne eit tau og ein krakk, uttrykt slik at eg sjølv kunne tenkje meg kva som burde skje vidare, seier Yttri.

Hets mot lokalpolitikar på høgrevridde nettsider

HETS: Kommentarane let ikkje vente på seg på ulike nettstader etter utspelet frå Viktor Yttri.

Foto: Skjermdump

Kokte

Kommentarfelta kokte i fleire media, også her i NRK. Yttri tykkjer det er flott med meiningar, men at det er trist at nokre reagerer med hets.

Prøv å se dypt inn i øynene til denne «viktor yttri». Ser du noen godhet og medmenneskelighet? Det var et lurespørsmål. Du finner ikke noe sånn der.

– Eg har vel inntrykk av at ikkje alle som skreiv hadde sett seg inn i saka. Noko eg lærte på sambandskurs i militæret var at ein først skulle tenke, så trykke på knappen og så snakke. Eg føler at folk har busa ut med det dei hadde på hjartet der og då, seier Yttri.

– Kva gjer slik hets med deg?

– Det fører jo til at eg lurer på kvifor eg brukar så mykje fritid på politikk. Intensjonen min som politikarar er å gjere det eg meiner er best for Lærdal kommune og innbyggarane, og brukar ein del tid på det.

– Blir du redd av å lese slikt?

– Eg blir ikkje direkte redd. Eg trur ikkje desse personane kjem på døra mi. For eg har fått ein god del positive reaksjonar frå folk, men då frå folk som snakkar til meg ansikt til ansikt.

Jamal Amini og John Bøthun Liøen

FØRARKORT: Jamal Amini og flyktningkonsulent John Bøthun Liøen i Lærdal er einige om at det er viktig for flyktningane å ha førarkort.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Kan truge demokratiet

Dei siste dagane har vi høyrt at hets i sosiale media kan få folk til å vegre seg mot å bli lokalpolitikarar – og slik truge lokaldemokratiet. For ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy kommune enda sjikanen med at ho vart innlagd på sjukehus.

Yttri forstår at folk vegrar seg mot å stille opp som lokalpolitikarar når dei blir møtt med ei slik framferd.

Hets etter framlegget.

SP-TOMTE: Det er ikkje berre nordmenn som reagerer på framlegget frå Sp-representanten frå Lærdal.

Foto: Skjermdump

– Eg skjønnar godt at folk tek slikt innover seg. Eg merka jo første natta etter at eg hadde lest alle innlegga; eg sovna ikkje med ein gong, for å seie det slik.

– Det er snart val. Gjer slike opplevingar at du vurderer å gje deg som politikar?

– Det blir jo ein del av totalvurderinga om kor lenge eg skal halde på, og kor lenge eg skal vere villig til å gjere ein innsats for kommunen.

Venta reaksjonar

– Innvandring er eit kontroversielt tema i Noreg. Skjønte du ikkje at det ville bli reaksjonar?

– Jo, men ikkje på denne måten. Det har vel noko med korleis saka vart framstilt første gongen. Det er jo ikkje slik at kommunale pengar skal brukast til førarkort.

– Pengane skal kome frå eit flyktningefond, gitt av staten, som følger flyktningane og som berre skal brukast på dei, seier Yttri.