NRK Meny
Normal

Vart innvia i eit celebert selskap

John Hodnefjell frå Måløy er i eit celebert selskap, han har nemleg klart det berre eit fåtal andre har fått til. Hodnefjell har fullført Norseman, Celtman og Swissman.

Gå til forsiden

John Hodnefjell er i eit celebert selskap

John Hodnefjell

John Hodnefjell er i eit celebert selskap

7 bilder

    Før førre helg var det berre 10–12 andre personar i heile verda som hadde fullført alle dei tre løpa. Hodnefjell seier at han er som alle andre.

    – Det er ikkje noko spesielt med meg, men eg er rastlaus. Løpa er definert som svært harde, men dei er gjennomførbare, seier han.

    Eit reint lotteri

    John Hodnefjell

    FJELLETAPPE: Hodnefjell under springeetappen under Celtman.

    Foto: Privat

    Hodnefjell fortel at det var tre marinekameratar som sat på Hawai i 1978 og ville finne ut kven som var den med best form. Då kom dei fram til den ultimate styrkeprøven som var svømming, sykling og springing.

    Norseman, Celtman og Swissman er meir spektakulære versjonar av eit triatlon. Norseman inneber til dømes at deltakarane må hoppe frå ei ferje før svømmeetappen byrjar, samt at springedelen avsluttast på ein topp på rundt 2000 meter.

    Celtman i Skotland og Swissman i Sveits er i same kategorien som Norseman.

    – Det har blitt veldig populært dei siste åra. No må ein søkje om å få delta også er det eit reint lotteri kven av dei over 1000 som får bli blant dei 200 heldige deltakarane, seier Hodnefjell.

    Søken etter eit eventyr

    Det var slik det starta for måløyværingen. Han søkte i fem år før han fekk vere med i Norseman. Men etter at det første løpet var gjennomført søkte han nye utfordringar.

    – Den fyrste konkurransen var ei svært positiv oppleving. Det er eit enormt samhald mellom utøvarane, rett og slett eit eventyr. Difor måtte eg søke på dei andre konkurransane, seier han.

    Dei beste utøvaren kjem i mål på om lag 12 timar. Hodnefjell brukte mellom 15 og 16 timar. Men han understrekar at konkurransen ikkje står i fokus.

    – Vi heiar på kvarandre og gjev kvarandre mat. Det er ein konkurranse mot deg sjølv der gjennomføringa er det viktige. Det er meir søken etter ein idrettsprestasjon enn ein idrettsprestasjon, seier han.

    Hodnefjell tilrår alle som ønskjer det om å sende inn ein søknad om å få vere med.

    – Det har ingenting med vekt eller høgd å gjere, men ein bør trene seg opp slik at ein klarar å gjennomføre, fortel han.

    Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
    Første i Norge som har vektløfting som valgfag.