NRK Meny
Normal

Vart innlagd med akutt nyresvikt

FØRDE - RANDABERG 2-3 (NRK): Julie Tvinde (19) skulle så gjerne ha vore med i toppkampen i eliteserien. Ein akutt nyresvikt sette ein stoppar for det.

Julie Tvinde blant publikum på tribunen

EIGENTLEG INNLAGD: Julie Tvinde (til venstre midt i biletet) er innlagd på sjukehus med akutt nyresvikt, men fekk i helga lov til å følgje lagvenninnene sin toppkamp i eliteserien i volleyball.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det kjennest ikkje rettferdig. Eg har hatt så mange skadar siste åra, seier Julie Tvinde.

Ho måtte pent halde seg på tribunen då lagvenninnene måtte gi tapt for Randaberg i toppkampen i Gaularhallen laurdag. Men det var ikkje planen berre nokre dagar tidlegare.

Torsdag vart 19-åringen hasteinnlagt på sjukehus.

– Eg hadde vore så dårleg og slapp heile veka. Då eg var hos lege tok dei blodprøve. Og då svaret kom fekk eg beskjed om å reise rett på sjukehuset, forklarer volleyballspelaren.

Det byrja å butte - skikkeleg...

Der fekk Tvinde vite at ho hadde akutt nyresvikt. Ho er framleis innlagd, men får lov til å vere ute av sjukehuset i helga – så lenge ho melder seg dagleg for å ta blodprøver.

Difor kunne ho vere med og heie på lagvenninnene. Men dei hadde nok hatt betre bruk for den tidlegare kapteinen ute på bana:

Heimelaget vann begge dei to første setta 25-19 etter stabilt og solid spel. Då var det stor skilnad på laga i favør Førde. Men så spelte Randaberg seg inn att i kampen, og tok dei tre neste setta.

– Dei to første setta var vi i snitt betre enn det vi plar vere. Det vart tungt å halde oppe. Og då byrja det å butte skikkeleg, forklarer Hilde Elvebakk.

Hilde Elvebakk med ballen

SENTRAL SPELAR: Hilde Elvebakk er kaptein og støttespelar på Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Blir betre med folk tilbake etter skade

Elvebakk er denne sesongen tilbake i Førde, der ho er ein av faktorane til at sunnfjordingane er spådd å vere med heilt i toppen av eliteserien. Ho er nøgd med det Førde presterte dei to første setta.

– Det var å godt å kjenne at det fungerte så bra. No må vi jobbe for at dei gode periodane blir lengre, seier ho.

Mot Randaberg var både Julie Tvinde og Martine Viken ute med sjukdom eller skade. Kapteinen meiner Førde vil bli styrke med dei to tilbake.

– Vi har ein brei stall, men Julie og Martine er i førsteseksaren, så vi vil nok bli tryggare med dei to tilbake, seier Elvebakk.

Førde-damene jublar for poeng. Karoline Fauske til høgre

JUBLA FOR TIDLEG: Førde-damene jublar for poeng i Gaularhallen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Håpar på cupfinale og medalje i serien

Det skal mykje til å overgå skadehistorikken til Julie Tvinde. Berre 19 år gammal har ho hatt tre prolapsar, jumpers knee og fingeren ute av ledd.

No håpar ho å vere tilbake på bana om ikkje altfor lenge. Der er målet å spele Førde fram til cupfinale og medalje i eliteserien.

– Det har vore ein kjekk sesong til no. Vi hadde jo nesten gløymt korleis det var å vinne kampar, etter den svake sesongen i fjor. Eg trur dette blir bra, seier Tvinde.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.