Hopp til innhold

Gaute risikerte livet for å berge Janne (18) opp frå den iskalde fjorden – i dag vart han heidra

I nesten eit kvarter låg Janne Holen (18) livlaus i den iskalde Sognefjorden før Gaute Stadheim fekk ho opp til overflata. I dag vart han og dei fem andre redningsmennene heidra for innsatsen som berga livet hennar.

I nesten eit kvarter låg Janne Holen (18) livlaus i den iskalde Sognefjorden før Gaute Stadheim fekk ho opp til overflata. I dag vart han og dei fem andre redningsmennene heidra for innsatsen som berga livet hennar.

HEIDER OG ÆRE: Gaute Stadheim vart i dag heidra for innsatsen då han redda Janne Holen frå det iskalde vatnet etter bilen ho sat i køyrde utfor ferjekaien ved Hella i Sogn. FOTO: Heidi Lise Bakke.

Det var fredag den 14. mars i år at ein personbil med tre personar om bord køyrde utfor ved Hella ferjekai i Leikanger. To av gutane om bord i bilen berga seg opp sjølve. Men det gjorde ikkje Janne Holen.

Gaute Stadheim måtte kaste seg ut i den iskalde Sognefjorden for å hente opp 18-åringen. Inne på land stod fem andre klare, og saman fekk dei den livlause jenta opp på den høge kaien der dei starta hjarte-lungeredning.

– Eg har møtt han ein gong tidlegare, men det er framleis ei veldig unik kjensle å møte på han... Eg veit ikkje heilt korleis eg skal forklare det. Eg blir glad, men samtidig litt småredd, seier Janne Holen om møtet med redningsmannen i dag.

Dei seks som vart heidra i dag var Geir Offerdal, Isak Søraa, Jarle Hopperstad, Bjørge Berglund, Bjarte Breilid og Gaute Stadheim.

– Fint å møte ho att

Den dramatiske utforkøyringa i midten av mars kunne fort ha blitt ei dødsulukke. Men takka vere heltemodig innsats frå seks menn som kom raskt til vart det ikkje det.

I dag vart Gaute Stadheim og dei fem andre heidra i Kyrkjestova i Vik for innsatsen dei gjorde for å berge den unge jenta opp av Sognefjorden.

– Det var fint å møte Janne att. Det er godt å sjå ho med farge i kinna, og sjå at ho er oppe og går att, seier Stadheim.

(Artikkelen held fram under)

Redningsmennene som vart heidra for innsatsen med å berge Janne Holen

VART HEIDRA: Dei seks som vart heidra i dag var Geir Offerdal, Isak Søraa, Jarle Hopperstad, Bjørge Berglund, Bjarte Breilid og Gaute Stadheim.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Ein fantastisk innsats

Redningsdådskoordinator Elin Gullaksen i Norges Livredningsselskap er imponert over innsatsen til dei seks karane.

Gaute Stadheim fekk tildelt Norges Livredningsselskap sin sølvmedalje for innsatsen

SØLV: Gaute Stadheim fekk tildelt Norges Livredningsselskap sin sølvmedalje for innsatsen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det dei gjorde er heilt fantastisk. Dei jobba som eit team, som om dei hadde trent på dette. Marginane var så små for at det kunne gått skikkeleg gale.

– Gaute stupte ned for å hente Janne, medan dei andre stod klare for å ta imot ho på kaia, og for å gi lunge- og hjarteredning.

– Utsette seg sjølv for stor fare

Ordførar Marta Finden Halset i Vik var vertskap for seremonien onsdag ettermiddag, medan det var Norges Livredningsselskap som stod bak utdelinga. Livredningsselskapet deler ut diplom, sølv- eller gullmedaljar til folk som har redda liv.

Gaute Stadheim fekk i dag tildelt sølvmedalje og diplom for innsatsen sin.

– Gaute Stadheim utsette seg sjølv for stor fare ved å dykke ned i det kalde vatnet. Det han gjorde var farleg, det var sterk straum frå ferja, og han var ganske djupt nede, fortel Gullaksen om redningsdåden.

– Men han tok vare på sin eigen tryggleik ved å binde eit tau rundt handleddet. Slik visste han at han ville kome seg opp att, anten med eller utan Janne. Han utsette seg for veldig mykje, og viste eit veldig stort mot.

(Artikkelen held fram under)

Gaute Stadheim

GODT Å SJÅ HO ATT: Sa Gaute Stadheim om møtet med Janne Holen i dag.

Foto: NRK

– Har grua og gleda meg til denne dagen

For Janne Holen sjølv er dette ein spesiell dag. Ho har hatt både gode og vonde dagar i tida etter ulukka, og framleis pregar det som skjedde kvardagen hennar.

– Eg har hatt det veldig opp og ned. Eg har dagar der eg er glad, og nokre dagar der eg er sliten, seier ho.

Framleis slit ho mykje med hovudverk og smerter i ryggen. I tillegg er ikkje minnet slik det var.

– Eg håpar ikkje dette er ting som kjem til å vare, men at det vil forsvinne snart.

– Korleis har du hatt det no dei siste dagane før denne dagen?

– Eg har vore ganske nervøs. Eg har grugledd meg, vedgår den unge jenta.

– Sjukt at dette har skjedd

Samtidig er ho klar på at det er svært godt å møte att dei seks karane som gjorde ein stor innsats for å berge livet hennar. Å sjå dei bli takka av Norges Livredningsselskap for innsatsen gjorde inntrykk.

– Eg tenkjer berre at det er sjukt at dette har skjedd... Det er heilt vanvitig...

Nokre dagar etter ulukka snakka NRK.no med Janne Holen der ho framleis låg innlagt på Førde sentralsjukehus. Ho kjende seg då svært heldig som var i live, og visste at det hadde vore svært små marginar.

– Eg fekk beskjed om at eg eigentleg hadde vore død i fleire minutt. Det høyrest heilt sjukt ut, og litt som ei ut-av-kroppen-oppleving, fortalde Holen til NRK.no den gong.

– Merkeleg at eg eigentleg har vore død

Vissa om at ho berre så vidt berga livet, har sett djupe spor i tenåringsjenta frå Vik.

– Eg synest det er veldig merkeleg at eg eigentleg har vore død. Det er nesten slik at eg nokre dagar må klype meg i armen og kjenne etter om dette er ein draum, seier ho til NRK.no i dag.

– Eg har ofte vore inne på nettet og søkt opp avisutklippa frå ulukka, berre for å forstå at dette har skjedd... Det er ei spesiell kjensle å vite at du eigentleg ikkje skulle vakne opp att. Det er veldig spesielt, seier ho vidare.

(Artikkelen held fram under videoen)

Seks menn vart i dag heidra for innsatsen dei la ned då dei berga 18 år gamle Janne Holen opp frå den iskalde Sognefjorden i midten av mars. Mor til Janne, Lisbeth Underdalen Holen, la spesielt vekt på at dei seks ikkje gav opp.

GAV IKKJE OPP: Mor til Janne, Lisbet Underdal Holen, takka redningsmennene for at dei ikkje gav opp. FOTO: Heidi Lise Bakke.

– Gav ikkje opp

Mor til Janne Holen, Lisbet Underdal Holen, snakka også til forsamlinga. I sin tale la ho spesielt vekt på at redningsmennene ikkje gav opp. Sjølv kor håplaust det måtte sjå ut.

I det ufyselege vêret heldt dei på med hjarte-lungeredning lenge, heilt til det kom profesjonelle redningsfolk til. Det er blant tinga som har imponert Elin Gullaksen stort ved redningsinnsatsen.

– Når ein driv med hjarte-lungeredning kan det verke veldig skummelt. Det er ikkje teikn til liv, og du ser at personen er heilt livlaus. Ein held det gåande, og lurer gjerne på kor tid ein skal gje opp.

– Men i alle livredningskurs seier vi at folk ikkje skal gje opp. Vi ber folk halde på til det kjem profesjonelle folk til, for ein kan aldri vite kor mykje som skal til.

– Desse seks gav aldri opp. Dei stod på, og gjorde ein fantastisk jobb. Janne hadde lege nesten 15 minutt under vatn, og i dag er ho ei frisk og flott ung jente. Det er fantastisk å sjå, seier Gullaksen tydeleg imponert.