Hopp til innhold

Slik vart han heidra for 28.710 eliteserieminutt

Måndag trappa det lokale dommarmiljøet opp hos rekorddommar Tommy Skjerven med overrasking.

Tommy Skjerven

HEIDRA: Dommarstanden i Sogn og Fjordane kom på døra med kake då Tommy Skjerven kom heim etter rekordkampen i Tromsø.

Foto: NFF Sogn og Fjordane

Den offisielle markeringa av rekorddommaren fann stad i Tromsø i helga. Måndag var turen komen til NFF Sogn og Fjordane.

Dommarkomiteen og serie- og dommarkonsulent Yngve Håkonsen kom på døra med både kake og godt humør.

– Det er sjølvsagt stor stas når ein lokal dommar frå Kaupanger set rekorden med tal kampar i Tippeligaen. Det viser at du ikkje treng å vere frå Oslo eller Bergen for å halde høgt nivå over tid som dommar, seier Håkonsen.

Kjekk overrasking

Skjerven byrja å dømme i 1984 og har vore eliteseriedommar sidan 1995. Frå 2001 til 2012 dømde han også internasjonale kampar som FIFA-dommar.

Sjølv har han cupfinalen mellom Vålerenga og Odd i 2002 som sitt høgdepunkt . Markeringa måndag set han pris på.

– Visst var det kjempekjekt. Dei sat plutseleg i stova mi, og vi fekk ei god tid, seier Skjerven.

Greitt å miste rekorden

Roy Helge Olsen dømte kampen

HEILT GREITT: Dommarlegenda Roy Helge Olsen har ingen problem med å sjå Tommy Skjerven ta over trona som dommaren med flest kampar i eliteserien.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Med sin 319. kamp i oppgjeret Tromsø – Brann, sletta Skjerven dommarlegenda Roy Helge Olsen sin gamle rekord. Det betyr 28.710 speleminutt. Pluss tilleggstid.

– Men eg er no ikkje kjend for å leggje til så mykje, humrar Skjerven.

Heilt i orden, tykkjer Olsen. Han har siste åra vore rettleiar for rekorddommaren frå Kaupanger.

– Eg har hatt rekorden i fem år, så det går heilt greitt. Tommy er ein flink dommar, er godt trena, har godt hovud og sunn fornuft, seier Olsen.

Rekord som blir ståande

Olsen trur det kan bli langt fleire kampar. Skjerven kan dømme til han er 50 år. Det vil seie til og med 2017-sesongen.

– Så lenge han tykkjer det er gøy, held seg unna skadar og klarer dei fysiske krava, så kan Tommy halde på lenge, seier Olsen.

– Eg trur han set ein rekord som vil stå lenge. Det kjem opp unge dommarar, men det spørst om dei vil ofre familie, vere så dedikerte og har ein familie som støttar så mykje opp. Der har Tommy funne ein fin balanse, seier Håkonsen.

Usikker på 2017-sesongen

Sjølv tenkjer ikkje Skjerven lenger enn sin 320. kamp. Om det blir ein 2017-sesong, er førebels uvisst.

– Eg har halde på med dette i over 20 år, har familie som krev sitt. Så er det andre ting i livet enn å dømme. Ein må ha ein indre motivasjon, og eg må føle at eg presterer på eit så høgt nivå som eg vil, seier han.

– Vil NFF ha meg med vidare, så må eg tenkje meg om før eg seier ja. Men per no er det nok meir som talar for enn mot, avsluttar han.