Hopp til innhold

Vart fotgjengar etter kontroll

Ein bilførar fekk i går kveld førarkortet kverrsett etter at vedkommande susa forbi ein politikontroll på riksveg 5 ved Amla i Sogndal. Patruljen frå Utrykkingspolitiet målte føraren til 129 km/t i 80-sona, og tok lappen tvert. I tillegg fekk ein annan førar forenkla førelegg for høg fart.