Hopp til innhold

Veslebror kom som ein rakett - på mamma og pappa sin bursdag!

At tredjemann er ein luring, er det mang ei fødande mor som har opplevd. Men babyen til Tommas Brugrand og Karin Augusta Nogva er nesten i ein klasse for seg! Han kom til verda på mamma og pappas bursdag – 22. april.

Deler bursdag

22. APRIL: Både pappa Tommas Brugrand, veslebror og mamma Karin Augusta Nogva har bursdag på same dato.

Foto: Bjørn Vatne

– Jau, det er jo litt spesielt, seier Brugrand, som opphavleg er frå Sogndal, men som no bur i Ålesund saman med sambuaren Nogva.

Og utruleg nok har sambuarparet bursdag på same dag, noko som er spesielt i seg sjølv. Det var Sunnmørsposten som først skreiv om den litt spesielle hendinga.

– Det er jo rart berre det at vi to har bursdag på same dag. Vi har alltid hatt litt moro med det. Men at vi skulle få ein unge på same dato, det hadde vi aldri trudd, seier Brugrand.

Den 11. april kom, men ingen baby ville ut...

Bitteliten, som framleis ikkje har fått namn, skulle eigentleg komme til verda 11. april, iallfall ifølgje terminen.

– Vi var litt spente då vi skulle finne ut termindatoen. Men så vart den sett til 11. april, og då trudde vi at vi hadde god klaring, slik at han skulle få sin eigen dato, seier Brugrand.

Men termindato er i beste fall rettleiande, for babyen kjem når han er klar. Og mang ei jordmor har fortalt ein tredjegongsfødande at nummer tre er ein luring, både slik og slik.

Og sambuarparet ante uråd då babyen ikkje synte teikn på å ville ut den 11. april.

– Vi fleipa jo litt med det, at kanskje han rett og slett venta, seier Brugrand.

Vart ei bursdagsfeiring utanom det vanlege

Og babyen let vente på seg. Difor vart det bestemt at fødselen skulle setjast i gang 22. april, viss han ikkje hadde komme ut til dess.

Men bitteliten ville ut på naturleg vis.

– Fødselen starta klokka tre om natta, og eit par timar seinare var han ute. Kjapt og greitt, seier pappa Brugrand.

Bursdagsfeiringa for mor og far vart kanskje litt annleis enn kva dei tradisjonelt pleier å gjere, men presangen var iallfall upåklageleg.

– Det er berre kjekt. Heilt fantastisk, seier Brugrand.

Nogva har to born frå før, og storesøskena på 10 og 12 tykkjer det er stas med ein veslebror.

Er litt praktisk med same dato også

– Dei tykkjer det er moro, klart det, seier Brugrand.

At veslebror må dele bursdag med mamma og pappa, håpar foreldra han ikkje tek så altfor tungt.

– Vi skal passe på at minstemann får stå i sentrum når det er bursdag, seier Brugrand.

Og legg til at det også er noko praktisk med at tre i familien har bursdag på same dato.

– Ein får iallfall samla slekta når det er runde dagar, og det er praktisk for familien min som kjem frå Sogndal til Ålesund for å feire, ler Brugrand.