NRK Meny
Normal

Vart fødd like etter kl 1 den 11.11.11

Vesle Alva var eitt minutt frå å bli fødd kl. 01.01 11.11.11.

Alva Rebni

«EITT-BABY»: Alva Rebni vart fødd kl. 01.02 11.11.11.

Foto: Ole Einar Rebni

– Me kom på sjukehuset i 10-tida i går og spøkte med jordmødrene om at det hadde vore moro om me heldt ut til midnatt, seier Ole Einar Rebni.

Og: Linda Moen og Ole Einar Rebni frå Kaupanger vart foreldre til ei lita jente kl. 01.02 på Førde sentralsjukehus i natt.

– Det går kjempebra med mor og barn og det er god stemning, seier Ole Einar.

Hadde ikkje tid

– Terminen var førre onsdag. Linda hadde bursdag 2. november og sonen hennar vart 7 år den 3. november, så me spøkte med at me ikkje hadde tid til å føde den veka, fordi me skulle ha bursdagsfest, seier Ole Einar.

Til sjuande og sist er ikkje datoen så viktig når eit lite mirakel kjem til verda.

– Det betyr jo sjølvsagt ikkje så mykje, det viktigaste er at babyen er frisk, men det var moro at det vart på denne datoen. seier Ole Einar.

Medieoppstyr

Dei nybakte foreldra har andre ting å tenkje på enn journalistar.

– Me har ikkje tenkt så mykje på media før NRK ringte. Men det er jo veldig kjekt.

Nokre fordeler kjem nok vesle Alva til å få, seier ein lattermild pappa.

– Det blir lett å logge på nettbanken med den fødselsdatoen, seier Ole Einar.