Hopp til innhold

Fiskar drukna - vart truleg dregen på sjøen av tauverk om bord

Den 46 år gamle fiskaren som drukna i Skorbøfjorden i Selje i oktober, vart truleg dregen på sjøen av ei løkke av lenketauet.

Ulykke Skorbøfjorden

FALL OVER BORD: Havarikommisjonen har konkludert med at mannen truleg fall i sjøen etter å ha vorte dregen over bord av eit tau.

Foto: Harald S. Berge

Det skriv Statens Havarikommisjon for Transport som nett er ferdig med sin rapport om ulykka.

Det var 27. oktober i fjor at åleinefiskaren dreiv kombinert garn- og teinefiske om bord i ein 35 fots sjark. 46-åringen vart funnen livlaus i Skorbøfjorden etter at båten hans hadde grunnstøytt.

Mannen vart send til Haukeland universitetssjukehus, men livet stod ikkje til å redde.

Kan ha skjedd på to stadar

Havarikommisjonen trur at ei løkke av lenketauet hekta seg rundt den høgre leggen til mannen, og at han dermed vart dregen over bord.

Dette kan ha skjedd medan han stod i styrbord hjørne på akterdekket, eller medan han gjekk opp på garnrenna. I begge tilfelle stod han rett ved tauverk som løp over bord, skriv kommisjonen.

Det er usikkert om fiskaren vart halden nede under vatn ei stund, eller om han låg i overflata heile tida. Truleg vart fiskaren dregen med ned under vatn og halden der til det ikkje lenger var pådrag på tauet.

Fiskaren flaut på magen med ansiktet under vatn og var livlaus då han vart funnen, skriv havarikommisjonen.

Dei viktigaste læringspunkta frå ulykka gjeld tiltak som kan redusere faren for å bli dregen over bord under fiske.

Brukte ikkje tryggingsline

SHT har også ved undersøkingar av ei sjøulykke tidlegare komme med to tryggleikstilrådingar, som dei også meiner er relevante for denne ulykka:

  • Eigarar av sjarkar og andre fiskebåtar bør innføre varige, fysiske tiltak som hindrar faren for at fiskarane vert dregne over bord under fiske. Med andre ord er det naudsynt å innføre tiltak slik at fiskarane fysisk er åtskilt frå løpande tauverk og fiskereiskap.
  • Sjøfartsdirektoratet, i samarbeid med næringa, forskings- og andre kompetente miljø, bør vurdere tiltak som bidreg til å gje fiskebåtreiarane støtte og påtrykk til å setje i verk fysiske/arrangementsmessige barrierar som kan hindre ulykker ved fiske- og fangstarbeid.

I rapporten kjem det fram at fiskaren ikkje brukte tryggingsline og flytemiddel.