Vart bura inne att etter åtte dagar på frifot

Berre åtte dagar etter at han var ferdig med å sone sin 11. dom, vart sunnfjordingen i 20-åra på nytt pågripen med narkotika.

– Sikta viser verken evne eller vilje til å avstå frå kriminalitet, skriv tingretten som før helga fengsla mannen i to veker.

Ifølgje rettsavgjerda vart mannen pågripen torsdag då han kom til Førde med narkotika som har ligge nedgrave i Bergen. Då var det gått berre nokre få dagar sidan han var ferdig med å sone ei fengselsstraff på 1,5 år for tilsvarande lovbrot.

Då vart han dømd for oppbevaring av 100 gram hasj, og ei større mengd hasj. I vinter vart det også funne både hasj og 17 tablettar rivotril på fengselscella hans.

Mannen forklara for retten at det var vanskeleg å komme ut att i samfunnet etter ei lengre tids soning. At han står utan både leilegheit og jobb, men at han no jobbar med å få på plass begge deler.

Han hevda også at narkotikabruk ikkje er noko problem for han lenger, og uttrykte vilje til å unngå fleire lovbrot.

Men både retten og politiet fann det truleg at mannen kan gjere seg skuldig i nye lovbrot. Ifølgje rettsavgjerda vil politiet syte for at denne siste saka blir beramma i løpet av fengslingsperioden.

Politiet hadde allereie ei beramma ei anna sak mot mannen. Saka gjeld inndraging av nær 70.000 kroner som politiet fann i bustaden hans.

Mannen er også mistenkt for å ha oppbevart 130 gram amfetamin, samt for å ha kjøpt kring ein halv kilo hasj i Oslo. Lovbrota skriv seg frå 2017 og 2018.