NRK Meny
Normal

Måtte flykte for livet frå restaurant

Dei tre unge mennene skulle berre tilbake til restauranten i Tyrkia for å klage på at dei hadde betalt for mykje. No fortel dei historia om korleis dei vart dei banka opp med køller og kniv. Det heile skjedde framfor den sju år gamle dottera til ein av mennene.

Kim-Arild Skiftesvik og Steffen Gerardo Lisboa Iversen

SKADD: Kim-Arild Skiftesvik og Steffen Gerardo Lisboa Iversen fortel historia om korleis dei vart offer for eit brutalt overfall på ein restaurant i Tyrkia.

Foto: Privat

– Dette er heilt ekstremt, og noko eg aldri trudde eg kom til å oppleve, seier 19 år gamle Steffen Gerardo Lisboa Iversen frå Askvoll.

Eit stort reisefølge skulle berre ut å kose seg med god mat og drikke på ein restaurant i Alanya i Tyrkia.

– Vi sat på restauranten og åt og drakk og koste oss, seier Iversen.

Forutan Iversen, var Kim-Arild Skiftesvik og Tor Einar Breivik og dottera hans på sju år til stades, i tillegg til fire andre personar.

Etter kvart kom kelnerane med meir drikke, mykje meir enn dei klarte å drikke. Mennene seier kelnerane sa at alt var "på huset" og gratis. Det var då rekninga kom marerittet starta for dei åtte personane, fortel dei.

– Har så dårleg samvit!

Steffen Gerardo Lisboa Iversen møtte Skiftesvik og Breivik på flyet til Tyrkia. Lite visste dei tre då om at dei skulle oppleve sitt livs mareritt, og få bank, nokre dagar seinare.

Iversen og to vener vitja restauranten dagen før den forferdelege kvelden, og det var Iversen som anbefalte at dei skulle returnere, og han som inviterte Skiftesvik og Breivik.

– Vi hadde så frykteleg dårleg samvit ovanfor dei andre. Og at ho litle jenta fekk oppleve denne situasjonen.

– Men de kunne vel ikkje føresjå at noko slikt kunne skje?

– Nei, nei. Vi hadde jo ikkje peiling. Dette skjedde veldig uventa, ut av ingenting, seier Iversen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steffen Gerardo Lisboa Iversen

OPERERT: Steffen Gerardo Lisboa Iversen vart stygt kutta med kniv i hendinga.

Foto: Privat

Betalte og gjekk frå restauranten

For då dei fekk rekninga vart dei svært overraska. Ho var på 860 tyrkiske lire, rundt 2500 norske kroner, fortel Iversen.

Reisefølget protesterte på denne rekninga. Etter det dei rekna seg fram til frå menyen var rekninga maks 500 lire, seier Iversen.

– Vi tok i mot drinkane vi fekk, men dei sa heile vegen og gjentatte gonger at vi ikkje ville betale for all drikka dei berre kom til oss med. Og dei forsikra oss om at det var gratis.

Til slutt var det omsynet til den unge jenta på sju år som vart avgjerande.

– Til slutt betalte Tor Einar. Han ville ikkje lage oppstyr framfor dottera hans. Han betalte rekninga, og så gjekk vi derifrå, seier Iversen.

Men det var ikkje over

Då reisefølget kom ut på gata, synte det seg at kelnerane hadde fått meir enn rikeleg tips. I farten og oppstyret hadde Iversen lagt på rundt 150 lire, og ein annan i reisefølget 250 lire. Dei fortel at dei betalte rundt 400 lire for mykje.

– Greitt nok, dei skulle få desse 860 lirene, men det vi hadde lagt på ekstra ville vi helst ha tilbake, sidan vi allereie hadde betalt for mykje.

Då gjekk askvollingen Iversen, Kim-Arild Skiftesvik og Tor Einar Breivik tilbake til restauranten, for å spørje om å få pengane tilbake. Og då gjekk det fullstendig gale.

– Det einaste eg hugsar er at Kim skulle på toalettet, og at Tor Einar skulle snakke med ein av kelnerane. Tor Einar vart skalla rett ned, rett over bordet, eg stod litt bak. Då vart eg forbanna og skulle forsvare han. Eg forsøkte å ta igjen, og ropte «spring og beskytt dottera di.»

Den unge jenta på 7 år stod nemleg utanfor, og fekk med seg ganske mykje av starten på hendinga, seier Iversen, som er svært glad for at resten av reisefølget var raskt ute med å ta med seg jenta vekk og til hotellet.

Samstundes på veg inn til toalettet

– Når eg var på veg inn på do, kom 3 av kelnerane og byrja å skubbe i meg. Eg trudde det var kødd i starten, seier Kim-Arild Skiftesvik

Men då kosteskaftet og kølla kom til syne skjønte han fort at det var alvor, seier han. Blodig alvor.

– Dei knuste til meg i nakken, ryggen og magen. Eg måtte berre beskytte meg så godt eg kunne. Men det hjelpte lite.

Kim-Arild Skiftesvik

TO DAGAR: Kim-Arild Skiftesvik seier at han blødde i to dagar etter han fekk bank på veg til toalettet på restauranten.

Foto: Privat

Han fortel at resultatet var eit stort kutt i hovudet, eit stort blåmerke på tvers av heile magen, og vanvettige smerter i nakken.

– For å gjere ei samanlikning dei som har spelt fotball vil forstå. Ta den verste lårhøna du nokon gong har fått. Gong det med to, og slik var smertene i heile nakkeregionen dei neste dagane. Eg klarte ikkje å løfte armane.

– Vi blødde noko inni granskogen. Eg er glad eg berre vart kutta i hovudet, og ikkje i ansiktet, seier Skiftesvik.

Han seier det berre er flaks at han ikkje vart kutta opp mykje verre enn det kosteskaftet klarte å utrette på hovudet. For ifølgje Iversen og Skiftesvik hadde kelnerane hadde knivar.

Dei vart nytta ute i restauranten, og der var det ansikt som fekk unngjelde, seier dei uheldige turistane.

20 sting

Dei forsøkte å ta igjen, og forsøkte å skubbe vekk angriparane, forsøkte å kaste dei vekk. Men det var sjanselaust, seier Steffen Iversen.

– Det var rett og slett eit fullstendig sjokk. Sju eller åtte personar ramponerte oss, for å sei det slik. Det var i alle fall ein kniv til stades.

Askvollingen vart nemleg kutta rett gjennom kjaken, fortel han.

– Det var veldig vondt. Det var eit stort hol. Det var slik at eg kunne ta tunga ut og inn av kjaken. Heldigvis vart eg ikkje kutta heilt fram til munnen.

– Då eg fekk kniven i meg, stoppa det heilt opp for meg. Den einaste tanken eg hadde var at «oi, dette er alvorleg». Han kunne like godt treft auge eller halsen.

Dei skjønte at dei måtte flykte. Flykte for livet. Iversen seier han ropte til Skiftesvik at dei måtte springe.

– Vi la på sprang. Og sprang og sprang og sprang.

Sjokkerte over politiet

Bak seg høyrde Iversen raske skritt og at kelnerane ropte på tyrkisk. Dei vart jaga. Men plutseleg var ikkje kelnerane der lenger, seier Iversen.

For då møtte dei to som var på flukt politiet. Dei fortalde namnet på restauranten. Det neste som ifølgje dei unge mennene skjedde, vart eit sjokk.

– Vi sa namnet på restauranten. Det var nokre kvartal lenger oppe. Dei berre såg på oss, peikte ein annan veg, og sa «hospital». Det var det einaste dei sa.

– Kva tenkte du då?

– Eg tenkte at det var håplaust! Hadde dette skjedd i Norge hadde politiet heve seg i bilen og køyrt med ein gong. Gjort avhøyr og forsøkt å finne ut kva som hadde skjedd. Men dei gjorde ingenting! Og det var tre politibilar der.

Iversen fortel at han måtte sy 20 sting i kjaken. Skiftesvik blødde etter eige utsegn frå hovudet i to dagar, fordi han hadde ikkje pengar til behandlinga, og var usikker på om forsikringa var god nok. Han seier han ikkje torde å ta sjansen på å måtte betale 6000 kroner for behandling.

Enno meir trøbbel med politiet

Men dei sjokkerande dagane var ikkje over. For då Iversen spurde om å få ein sjukehusrapport på skadane, steppa politimannen som var på sjukehuset inn, hevdar Iversen.

– Det ville vore greitt ha ein slik rapport når ein kjem heim til Norge og skal forklare sjukehuset eller andre kva skadar ein har. Men då tok politimannen rapporten og bad dei vere med på politistasjonen.

Der måtte dei forklare kva som hadde skjedd, ved hjelp av ein tolk, seier han.

– Då fekk eg forklart kva som hadde skjedd. Då spurte eg om eg kunne få papira, men politimannen sa nei. Då stod det ei kopimaskin rett ved sida han. Då spurte eg om han kunne ta ein kopi til meg. «Nei», sa han. Han fortalde at han måtte ha den i rapporten sin!

Det førte til ytterlegare problem.

Kom seg nesten ikkje ut av landet

Dei papira hadde han nemleg trengt på flyplassen, fortel Iversen.

– Eg fekk nesten ikkje reise. Eg trengde dei papira for å få "ready to fly"-status. Det enda med at vi måtte gå til lege på flyplassen i full fart.

Då måtte dei betale 40 euro for nye papir, slik at Iversen kunne kome seg heim til Norge.

Iversen og Skiftesvik er heilt samstemde om at dei aldri skal reise tilbake til Tyrkia etter marerittet dei opplevde. Etter ein kort stogg heime i Norge, går turen i kveld vidare til London for askvollingen Steffen Gerardo Lisboa Iversen

– Der føler eg meg trygg, eg reiser og skal møte familien som er der borte, og skal på ein konsert med nokre vener, seier Iversen.

Og Tor Einar Breivik, som enda opp med ei knekt tann, summerer opp det heile slik.

– Det var heilt forferdeleg, det verste ein kan oppleve. Heldigvis venene til Steffen der og kunne ta seg av dottera mi.

NRK har i kveld fleire gonger forsøkt å kontakte restauranten i Alanya utan å lykkast.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.