Hopp til innhold

Varslarsak: Rådmannen i Aurland i hardt vêr

Aurland-rådmann Steinar Søgaard har fått varsel mot seg om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen.

Rådmann Steinar Søgaard og ordførar Noralv Distad (H)

KONFLIKT: Rådmann Steinar Søgaard (t.v.) og ordførar Noralv Distad (t.h.) måtte be KS om hjelp sist gong det oppstod ein konflikt mellom dei og Høgre-leiaren i kommunen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det var nettavisa porten.no som først melde om saka.

Kommunestyret i Aurland skal ta stilling til varslarsaka på eit møte torsdag 5. april. Varselet vart levert av ein tillitsvald i kommunen.

– Eg kan stadfeste at det har kome inn eit varsel som går på kritikkverdige forhold på arbeidsplassen, seier ordførar Noralv Distad (H) til NRK Sogn og Fjordane.

Vil ikkje utdjupe varselet

Kan du vere meir konkret på kva desse kritikkverdige forholda går på?

– Nei, eg kan ikkje gå meir inn på det. Dette er opplysningar som er underlagt teieplikt, så difor kan eg ikkje seie noko meir enno. Men det har kome eit varsel frå ein tillitsvald, og eg har valt å ta det på alvor og legge det fram for kommunestyret i tråd med kva som er retningslinene våre i denne typen sake, forklarar ordføraren.

– Har varselet fått konsekvensar for arbeidsforholdet til rådmannen i forkant av kommunestyremøtet?

– Nei, det har det ikkje, svarar Distad.

Rådmannen: – Ingen kommentar

Sjølv ønskjer ikkje rådmann Steinar Søgaard å kommentere saka. I ein SMS til NRK skriv han følgjande: «Eg har ingen kommentar til mogeleg varslingssak. Dette er ei intern sak i Aurland kommune.»

Distad tilrår at det vert oppretta ein setterådmann i ei eventuell varslarsak. Distad har snakka med Oddbjørn Ese i Vik, og tilrår at han får oppgåva.

Varselet kom til kontrollutvalet

Harald Mo, i sekretariatet for kontrollutvalet i Aurland kommune, seier dei tok imot varselet 22. mars, rett før påske.

– Kva vurderingar vart gjort rundt varselet som gjorde at det var sendt direkte til politisk handsaming?

– Varslet var stila til kontrollutvalet med kopi til ordføraren. Han tok avgjerda om å ta saka til kommunestyret. Kontrollutvalet har ikkje hatt saka til handsaming, seier Mo i ein e-post til NRK Sogn og Fjordane.

Tema på neste møte i kontrollutvalet

– Er varslinga i #metoo-kategorien eller er det andre tilhøve?

– Sekretariatet for kontrollutvalet kan ikkje kommentere kva type sak dette er, seier Mo.

– Korleis følgjer kontrollutvalet saka vidare?

– Det vil vi ta stilling til i neste møte, svarar han.

Fekk sparken i Ulvik

Ifølgje porten.no er det ikkje første gongen Søgaard vore ute i hardt ver. I 2004 var han rådmann i både Granvik og Ulvik, då fekk sparken av politikarane i Ulvik. Bakgrunnen va ein konflikt med den dåverande ordføraren i Utvik.

Også i Aurland har det vore konfliktar rundt rådmannen. I 2013 bad kommunen KS om hjelp. Bakgrunnen var at Høgre-leiar Monica Finden uttala seg kritisk til at Søgaard og fleire andre sentrale personar i Aurland hadde bustadadresse utanfor kommunen.